Handball | 20. feb. 2022

Imponerte mot serieleiar

Os i støtet etter lang pandemipause.

Amanda Holthe med 4 spelemål + 3 straffemål var einaste somskåra meir enn Maren Evensen (bildet) i går. Her mot Fana 2 før jul. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. feb. 2022 12:14

Laurdag spelte handballdamene til Os sin første kamp på over to månadar.

Dei spelte jamt med serieleiar BSI i 1,5 omgang, og vann 2. omgang 15-11.

Frå førre kamp, då Os slo Fana 2 39-29. F.v.: Karina Søviknes, Henriette Eeg-Sandtorv, Maren Evensen og Marie Storum Vik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògVentetida er over

– Eg gjekk med eit håp om siger, og vi starta veldig bra. Etter ein timeout, som vi tok så dei som nyleg har vore sjuke fekk pusta litt, kom vi ut av det.

Os gjekk frå stillinga 5-6 til 5-11 på sju minutt.

– Men vi henta oss flott inn igjen, og var ikkje langt unna å ta dei igjen. Alt i alt er eg nøgd med det jentene viste, og dette lover bra for den travle våren vi går imøte, seier Os-trenar Trond Budal.

Os - BSI 23-25 (8-14)
Os: Siri Eide Børtveit og Karina Askeland Søviknes, Amanda Kristin Holthe 7 (4+3 7m), Maren Evensen 6, Marte Øvreeide 2, Tilla Heggdal 2, Ayleen Akyüz Hagen 2 (1+1), Marie Storum Vik 1, Nora Marie Johnsen 1, Marie Storum Vik 1, Celine Nalbant Moe 1, Maria Lillesletten Hagen 1 (7m) og Hannah Lund.

I første omgang leia Os 1-0 og 2-1, hamna bakpå, men sto likt på 5-5.

I andre omgang tok Os innpå, spesielt i andre halvdel av omgangen.

Då gjekk dei frå 15-20 til 19-21. Men to mål bak blei det nærmaste dei kom etter pause.

– Det var kjekt å sjå at Maren har halde på skåringsformen ho hadde før jul, at begge strekane våre skårar og at Amanda, som var på benken dei første ti minutta, framleis garanterer for godt med mål.

– Dette var også ein god forsvarskamp. BSI skårer ofte over 30 mål, at vi berre slepp inn 25 er godkjent.

Os sin neste kamp går heime søndag 6. mars mot Bjørnar.

Utover i mars og april blir det tett med kampar, etter ni utsette i pandemipausen som varte frå midten av desember til i går.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.