Politi | 08. aug. 2022

Ingen reaksjonar under Øyafest

Politibåten på vellykka tokt under festivalen.

Kjølen i Øyane, her i slutten av juli i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. aug. 2022 09:42

Arrangørane av Øyafest har takka publikum for både tidleg frammøte, god stemning og fin framferd.

Vaktsjefen fortel om uvanleg få, berre 3-4 gjestar, som måtte ut av området for å lufta seg litt.

– Måten Tommy og Ivar ter seg på gjer at det er lett å gi støtte. Resultatet av arbeidet deira gjer meg rørt og stolt, seier Karsten «Kakki» Austevoll frå Inka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg– Dei fortener mykje skryt

Også på sjøen gjekk det fint.

I 21.50-tida fredag, i samband med festivalen, kontrollerte politibåten Kjølen fleire båtar.

– Dei fann ikkje noko å reagera på, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Festivalen blei runda av med fyrverkeri, der dei kortreiste leverandørane i Propyro frå Sundøy hadde lagt vekt på lys, ikkje lyd, denne kvelden.

Likevel kom det klage.

– Meldar kom frå Halhjem, fortel Lyssand.

Fyrverkeriet blei skote opp frå lekter som låg mellom Hargun og Lepsøybrua, og varte i cirka 80 sekund.

Sjå video av heile eit stykke nede i denne reportasjen frå festivalkvelden:

Goggen og Vestlandsfanden var blant dei fem artistane på Øyafest sin første plakat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògØyafest blei ein braksuksess

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.