Politi | 08. aug. 2022

Mistenkte skal ha stukke frå staden etter påkøyrsle

Politiet ramsar opp helga.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. aug. 2022 09:11

Søndag i 17.15-tida fekk politiet melding om påkøyrsle i Mobergsbakken.

– Då meldar oppdaga hendinga, skal mistenkte ha vore stukken frå staden, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein rapport frå helga.

Vedkomande blei oppmoda om formelt å melda saka.

Det er ikkje opplyst meir om situasjonen eller forholda rundt påkøyrsla.

Promillekontroll og påkøyrd hjort

Laurdag i 22.30-tida hadde politiet promillekontroll på Lyseklostervegen.

Ti trafikantar blei kontrollert, alle var edru.

I 23.15-tida same kveld, på same veg, blei ein hjort påkøyrd.

– Ingen personar blei skadd, og det er uvisst om hjorten var skadd. Viltkontakt blei varsla.

Fann revunge utanfor butikk

Litt vilt var det også på Gudriflaten tidlegare på dagen, laurdag.

Klokka 11.50 blei politiet varsla om funn av ein revunge på området til Plantasjen.

Også her blei viltkontakt kopla inn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.