Politi | 08. aug. 2022

Tjuveri av gullsmykke og ved

Politiet har fått melding om to ulike tjuveri i helga.

Tjuveri av gullsmykke og ved
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. aug. 2022 09:02

I 03.30-tida natt til laurdag blei politiet kontakta vedrørande eit tjuveri.

– Meldar fortalte at han hadde blitt fråstolen eit gullsmykke mens han var i Os sentrum, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande, ein mann i 40-åra, blei oppmoda å melda saka.

Søndag i 19.30-tida fekk politiet melding om tjuveri av ved.

– Meldar har observasjon av ein mogleg mistenkt i saka. Forholdet blir meldt og følgd opp.

Politiet vil foreløpig ikkje ut med adressa der veden blei stolen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.