– Ingen tvil om at Nora held eit høgt nivå
Vellykka opphald på Equinor Talentleir for Os-spelar Nora Aadland.


Før sommaren blei Nora Aadland, som fyller 14 i år, for andre gong tatt ut til samling med dei beste unge spelarane i Norge, denne gong på Equinor Talentleir i Porsgrunn.
Nora, som òg er på det beste handballaget i kretsen, deltok på det fem dagar lange treningsopphaldet med rundt 60 av dei beste fotballspelarane på 14 og 15 år.
– Det er viktig for meg å delta på Equinor Talentleir fordi det gir meg motivasjon til å bli ein betre spelar, seier Nora i ei pressemelding frå Equinor.
Nora trener og speler fast med Os gutar 14.
– På desse samlingane håper eg at spelarane slepp skuldrene ned og stolar på eigne ferdigheiter. Målet er at dei skal koma heim etter samlinga med nye erfaringar og perspektiv som dei tar med seg inn i treningskvardagen, seier leiar for Landslagsskolen i NFF, Håkon Grøttland.
– Med mykje trening og dedikert jobbing over mange år, er det ingen tvil om at forsvarspelaren frå Os held eit høgt nivå.

Equinor Talentleir og Equinor Landslagsskolen har i 20 år vore ein viktig arena for trening og utvikling. Mange av dei som er på seniorlandslaget i dag var på desse skulane som ungdom.
– At Nora er plukka ut til Equinor Talentleir er eit tydeleg bevis på at hardt arbeid løner seg, seier Anne-Brit Brandeggen Tapio, sponsoransvarlig for fotball i Equinor.
Denne samlinga er berre éi av fleire moglegheiter i åra som kjem.
– Eg vil driva med fotball for å sjå kor god eg kan bli, og utfordra meg sjølv på høgast mogleg nivå, seier Nora.
– All erfaring tilseier at fleire her kjem til å spela A-landskamper om nokre år, seier Grøttland.






