Os J13 vann to cupar i desember
Fleire sterke resultat av 2009-årgangen.


Bilde, oppe frå venstre: Nora Aadland, Thale Søreide Solberg, Åsne Underhaug Skoglund, Eline Egge Søviknes og Julie Bøe.
Nede frå venstre: Elise Lyssand, Henriette Bakke og Pia Hindenes.
(Sanne Førde Valle var ute med sjukdom på finaledagen)
Os jenter 13, som på våren i fjor tok seg til finale i Lerøy Cup, og i haust tok ein suveren siger i 2. divisjon, runda ikkje av sesongen før tett oppunder nyttår.
I desember slo dei Askøy sine suverene førstedivisjonsvinnarar 3-0 i finalen i Os si futsalturnering på Kuventræ.
– I juleferien tok vi med dei som kunne til Nobi sin romjulscup, fortel trenar Frode Valle.
Kampane gjekk frå onsdag til fredag,
Der vann Os 3-0 over Askøy, 9-2 over Vestsiden-Askøy og 2-0 over eit lag frå Bjarg.
I semifinalen blei det 3-0 over Telavåg før Os vann finalen 2-1 over Loddefjord fredag 30. desember.
– I finalen fekk vi revansje over Loddefjord, som vi tapte Lerøy Cup-finalen for utandørs på våren. Det var kjekt! synest Valle.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.