Politi | 31. mai 2023

Innbrot og skadeverk på båt og naust

Politiet har fått melding frå nausteigar i Vargavågen.

Innbrot og skadeverk på båt og naust
Innbrotet skjedde i eit naust i ytre del av Vargavågen. (Google Maps)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. mai 2023 09:30

Tysdag i 11-tida var politiet kontakt med ein som meldte om innbrot og skadeverk på naust og båt i «Halhjemsområdet».

– Det skal vera i ytre del av Vargavågen, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Skadeverket besto av øydelagt lås i naustet. Bensin og bensinkanne er stole.

Politiet fekk også melding om innbrotet i pantebua på Kuventræ, som vi omtalte i går.

Der har nokon saga seg gjennom ein vegg og tatt med seg tomflasker spart opp i rundt to månadar, pant verdt rundt 2000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.