Oppdaga forsøk på innbrot i naust
Oppmodar nausteigarar å sjå til eigedomen sin.

Torsdag i 14.45-tida fekk politiet melding om forsøk på innrbot i naust.
– Meldar bur i Bergen, men eig naust i Sperrevik-Nordvik-området. Innbrotsforsøket har skjedd ein gong mellom søndag og i går, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
Nabonausta skal ikkje ha vore utsett for liknande.
– Men vi oppmodar alle å sjå til naust og fritidseigedomar no når det er mørke kveldar og mindre aktivitet på og ved sjøen.
– Sjå gjerne også til nauboen sin eigedom mens du er der.
Bulk og bøllete køyring
I 12.50-tida fekk politiet melding om eit uhell nord for Os sentrum.
– Ei dør hadde kome borti ein parkert bil. Partane ordnar opp seg i mellom via forsikringsselskap.
Klokka 13.52 fekk politiet melding om aggressiv køyring med tungtransport over Fanafjellet.
Politiet vil følgja opp med forebyggande tiltak.

På morgonen torsdag blei ein hjort påkøyrd.
Dette skjedde på Lepsøyvegen nær Os Lakk og Karosseri rett før klokka 06.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.