Kultur | 21. aug. 2015

Inngjekk forlik med Reksten

I neste veke skulle Johan Reksten og Os kommune krangla i retten om kunst verdt rundt tre millionar. Så blei dei einige om denne avtalen.

Inngjekk forlik med Reksten
Terje Søviknes er nøgd med å styra unna retten, og med å sikra eigarskap til «Kanefart» og «Landligge i Lofoten» (innelt). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. aug. 2015 10:58

Bildeserie:

Reksten får i forliket eigarskap til «Bergen sett fra byfjorden» av N. A. Johannessen.
Reksten får i forliket eigarskap til «Bergen sett fra byfjorden» av N. A. Johannessen.
«Fra Geirangerfjorden» av Rasmussen går også tilbake til Reksten.
«Fra Geirangerfjorden» av Rasmussen går også tilbake til Reksten.
Denne messingklokka må også ned frå veggen i Gamleheimshagen.
Denne messingklokka må også ned frå veggen i Gamleheimshagen.
1 av 3
Reksten får i forliket eigarskap til «Bergen sett fra byfjorden» av N. A. Johannessen.
«Fra Geirangerfjorden» av Rasmussen går også tilbake til Reksten.
Denne messingklokka må også ned frå veggen i Gamleheimshagen.

Dei siste åra har det gått ein diskusjon mellom Johan Ludwig Mowinckel Reksten og Os kommune om eigarskap til fleire kunstverk og antikvitetar.

– Vi har til no, i nyare tid, sett på desse gjenstandane som Os kommune sitt eige, seier ordførar Terje Søviknes.

Dei mest verdifulle kunstverka er «Kanefart» av Aksel Ender og «Landligge i Lofoten» av Gunnar Berg. Ferske verdivurderinger av desse spriker noko, men Søviknes seier dei to samla sett truleg er verdt mellom 2 og 3 millionar kroner.

I tillegg kjem tre måleri av lågare verdi, ei klokke i messing, eit hjørneskap og nokre historiske gjenstandar som blant anna ein slede.

Styrte unna retten

– Kunsten hamna hos Os kommune rett etter krigen, blant anna då Os kommune leigde det gamle hovudhuset på Moldegaard til lærarhøgskule.

Les òg om saka på bt.no (krev innlogging)

– Reksten meiner det er midlertidig deponering av verka, vi meiner dei er gjeve i gåve. Vi har brukt mykje ressursar på å leita i både lokalarkiv, statsarkiv og interkommunalt arkiv utan å finna dokument som tydeleg seier det eine eller det andre.

Os kommune blei i fjor stemna for retten og tvistesaka var beramma i Nordhordland tingrett neste veke.

Men måndag signerte dei ein forliksavtale og saka er begjært heva som forlikt.

– Held på dei viktigaste

I avtalen held Os kommune på både «Kanefart» og «Landligge i Lofoten», i tillegg til nokre gjenstandar av bygdehistorisk interesse, som den eine sleden.

– Dette er verk som både har høg verdi og som vi meiner er viktige delar av Os si historie. Verken kunstnar eller motiv er frå Os, men desse har blant anna hengt på sjukeheimen og i rådhuset i mange år, seier Søviknes.

Reksten får overført desse verka: «Fra Geirangerfjorden» av S. Rasmussen, «Bergen sett fra byfjorden» av N. A. Johannessen og «Landskap fra Dalsland» av A. Zachariason. I tillegg får han ei messingklokke og eit hjørneskap i to delar. Både klokka og minst to av måleria heng i dag i Gamleheimshagen.

Må ut med 625.000 kroner

Kvar part tar sine eigne sakskostnadar, så forliket blei ikkje gratis. Os kommune må ut med 625.000 kroner.

– Per Grieg har igjen stilt opp for kulturlivet i Os, og har vore del av prosessen. Han går med Grieg Foundation inn og tar halvparten av denne kostnaden.

Midtsiden har vore i kontakt med Johan Reksten. Han ønskjer ikkje å kommentera saka.

I avtalen står det òg at dersom Os kommune sel nokre av kunsverka dei nærmaste 10 åra så skal det beløpet av kjøpesummen som går utover summen i forliket delast likt mellom partane Reksten og Os kommune. Om verka blir stilt ut, for eksempel i Oseana, vil også Reksten-familien bli nemnt som bidragsytar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.