Sport | 03. jan. 2013

Israelsk ekspert til Os

Han har trent det israelske forsvaret i nærkamp. I januar kjem folk frå heile Noreg til Os for å trena med krav maga-eksperten Rony Kluger.

Israelsk ekspert til Os
Krav maga-ekspert Rony Kluger har bakgrunn innan karate.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. jan. 2013 09:01

– Det gjekk ikkje mange timane før kurset var nærmast fullsett, seier hovudinstruktør i WIKF Norge, Cato Bruarøy.

Os Karateklubb har fleire utøvarar som har trent i over 25 år. Dei reiser fleire gongar i året ut av landet for å trena med dei beste, og dei siste åra har dei også henta lærdom frå andre stilartar.

– I fjor hadde vi Portugal sin landslagstrenar på besøk, seinare i år kjem taiji-ekspert Shen Jin tilbake.

Frå ekspertise innan konkurranse-karate og kinesiske helseøvingar går neste invitasjon til ein som er ekspert i effektivt sjølvforsvar, metodar brukt av militæret, spesialpoliti og livvaktar.

– Krav maga blei utvikla på 30-talet for å læra rekruttar om nærkamp og sjølvforsvar på kort tid. Anten du driv med karate eller annan kampsport så tar det tid å bli skikkeleg god i sjølvforsvar, med krav maga lærer du det mest grunnleggande på kort tid. Det er naturlegvis mykje du ikkje kan læra på ei helg, men det blir spennande å læra om prinsippa i krav maga.

– Det er i seinare tid utvikla eit sivilt opplæringsprogram, eit kurs som er godt eigna som sjølvforsvarskurs, ikkje minst mot fysisk sterkare motstand.

8 + 8 svarte belte

Rony Kluger kjem frå Israel og har 8. dan (8 svarte belte) i både karate og jiu jitsu. Han er i tillegg rektor ved det internasjonale Budo Academy, som deler ut universitetsgradar innan kampkunst og har vore generalsekretær i IBSSA (International Bodyguard and Security Service Assosiation).

– Eg møtte Kluger for første gong for 9 år sidan. Då delte han ut doktorgrad til Tatsou Suzuki, vår hovudinstruktør i karate på verdsbasis.

– Eg har hatt kontakt med Kluger i nokre år no, og vi er heldige som får han til Noreg for å halda kurs.

Utdannar norske instruktørar

Av 25 plassar er over 20 booka. Bruarøy fortel at han har påmeldte frå både Nord-Noreg, Trondheim, Oslo, Os og Bergen.

– Dei fleste som er påmeldt til no har bakgrunn innan kampsport, og har dermed eit godt grunnlag for å læra krav maga-teknikkane.

Det blir mogleg for dei beste å ta instruktørutdanning denne siste helga i januar.

– Men kurset er også ope for dei som berre vil læra litt sjølvforsvar på kort tid, seier Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.