Lokal | 06. juli 2019

Ja, ein verdig og varm eldreomsorg

Lesarinnlegg: Fleire av SV sine påstandar er unøyaktige, og nokre direkte feil.

Ja, ein verdig og varm eldreomsorg
Laila Reiertsen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. juli 2019 13:10

Mitt lesarbrev om eldreomsorg har tydelegvis frustrert Asle Olsen og SV. I eit tilsvar 3. juli kjem han med ei rekkje påstandar.

Fleire av dei er unøyaktige og nokre direkte feil.

Det er korrekt at vi ha to ulike buformer på Lurane, og dermed to forskjellige ordningar for betaling av eigenandeler i tråd med det nasjonale regelverket på området. Bebuarar i dei 80 husværa frå 2001 betalar husleige og felleskostnader (omsorgsbustader med 24 timars pleie) , medan dei 95 bebuarane i den nye delen av omsorgssenteret betalar etter reglane for eigenandel knytt til sjukeheimsplass (institusjonsplassar).

Omsorgstilbodet til bebuarane er likt i begge buformer.

Olsen hevdar at minstepensjonistar berre sit at med 199 kroner per månad om dei bur i omsorgsbustadane. Vi veit ikkje kor han har det talet i frå, men uansett er det feil.

Han utelet viktig informasjon om at minstepensjonistar utan formue vil har rett på statleg bustøtte på cirka 2000 kr pr mnd. Frå administrasjon i Os kommune vert det også opplyst at dei kvart år går gjennom utrekningane for å sikra at minstepensjonistar skal betala om lag det same uansett om dei har institusjonsplass eller omsorgsbustad. Administrasjonen sjekkar òg at dei som har for høg inntekt til å få bustøtte skal ha nok lommepengar igjen. I fjor innførte dei dessutan ei ekstra prisgruppe på fellesutgiftene for å sikre at dei som ikkje får bustøtte ikkje betalar for mykje.

Frå FrP si side har vi alltid vore opptatt av våre eldre, både i høve omsorgstilbodet og økonomien deira.

Difor kan eg gleda Olsen og SV med at Fremskrittspartiet i regjering har fått gjennomslag for å auka pensjonen for einslege minstepensjonistar med 12.000 kroner frå 1. september i år. Dette kjem på toppen av auka på 4.000 kroner pr år i 2016 og -17, dvs. samla kr 20 000 medan FrP har vore i regjering. Det fortener våre minstepensjonistar.

I høve institusjonskjøkken på Luranetunet vedtok FrP, Høgre og Venstre i kommunebudsjettet for 2019 at dette skal planleggjast i påvente av ein ny statleg tilskottsordning for bygging av kjøkken. I revidert nasjonalbudsjett no i mai fekk eldreminister Sylvi Listhaug vedtatt eit nytt statleg tilskot på 50 %, så da er vi i gang!

For øvrig er det ikkje rett at vi ikkje har kjøkken på Lurane. Kvar avdeling har flotte felleskjøkken det personalet gjer ein kjempe jobb med frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Dei skapar gode matopplevingar kvar dag, året rundt, og FrP er opptatt av å styrkja dette ytterlegare. Difor la vi også inn ein 100 % stilling som ernæringsfysiolog i 2019-budsjettet.

Fremskrittspartiet meiner alvor med kvalitet i eldreomsorga. Det har vi vist gjennom 20 år i Os, og vil halda fram i nye Bjørnafjorden kommune om dykk veljarar gjev oss tillit.

Godt val 9.september!

Laila Reiertsen
2. kandidat Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.