Politi | 16. sep. 2023

Jenter skremd av folk i bil - hadde ei religiøs forklaring

Trudde bilen følgde etter dei.

Jenter skremd av folk i bil - hadde ei religiøs forklaring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. sep. 2023 07:06

Fredag ettermiddag blei politiet kontakta av nokre jenter i Søre Øyane.

– Dei hadde blitt skremd av ein bil dei trudde følgde etter dei, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Etterpå hadde folka i bilen sett i postkassar og banka på dører.

– Vi kom i kontakt med bileigar, som stadfesta hendinga, og forklarte at dei var knytt til polsk avdeling av Jehovas vitner og ønskte kontakt med polske borgarar.

Tidlegare på fredag blei politiet kontakta av ein barnehage, som hadde funne noko som ser ut til å vera marijuana, og brukarutstyr, inne på barnehage sitt område.

– Det er naturlegvis ikkje bra. Vi vil følgja opp ved å halda eit auge til denne barnehagen på kveld og nattestid.

I 22-tida fredag kveld fekk politiet melding om både smell og flammar bak fotballbanen på Halhjem.

– Patrulje var på staden og kom i kontakt med vitne. Det var tydeleg at det har vore opne flammar på staden, men det var ingen personar der då politiet kom fram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.