Politi | 16. sep. 2023

Køyring i rus: Den eine var stolen bil, den andre kom på ferja med flatt dekk

Mann i 40-åra stoppa på Halhjem, kvinne i 60-åra stoppa på ferje på Hatvik.

Køyring i rus: Den eine var stolen bil, den andre kom på ferja med flatt dekk
Hatvik ferjekai. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. sep. 2023 07:32

I 23.45-tida fredag fekk politiet melding om vinglete køyring på Hatvikvegen. Bilen hadde skade i både karosseri og dekk.

Så kom ho køyrande inn på ferja med flatt dekk.

– Bilførar, ei kvinne i 60-åra, er mistenkt for å køyra med promille. Ho blei tatt med til legevakt for blodprøve, bilen blei henta av bilbergar, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Det er uvisst korleis skade på bil og dekk har oppstått.

– Det blei tatt beslag i førarkortet og oppretta sak.

Tidlegare på kvelden, i 19-tida, kontrollerte politiet ein bil på Halhjem.

– Bilen var meldt stolen på Haugalandet 9. september.

Førar, ein mann i 40-åra, framsto som ruspåverka. Det blei òg funne narkotika på vedkomande.

– Han blir meldt for køyring utan gyldig førarkort, påverka av rus og for besittelse av narkotika. Og så blir det gjort vidare etterforsking i samand med tjuveriet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.