Kultur | 08. jan. 2017

K-jell med ny kontrakt i Kina

Etter nokre år med fredspris-pause blir det relansering og ny satsing i Østen for rockeveteranane.

K-jell med ny kontrakt i Kina
Kjell Engelsen Moberg og K-Jell gav ut nytt album i fjor og blir i år relansert i Kina. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/Oktober Party Records)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. jan. 2017 20:31

Osingen Kjell Engelsen Moberg og bandet hans, K-Jell, som består av Jostein Steinsland-Hauge (gitar), Trond «Tronna» Bergsvik (bass) og Bjørn Tore «BT» Taranger (trommer), er på banen igjen.

I mars i fjor kom dei med albumet «Attacked by Fish, Punx, Rain and Rats», i november signerte dei ny platekontrakt i Kina.

– Det kinesiske bandet Subs, som blant anna har vore her på Os og spelt, har blitt store og har meir enn nok med seg sjølv, seier Kjell om bandet som har brukt nettverket sitt til å spreia rock frå K-Jell i Kina.

I november signerte dei ny platekontrakt med eit anna selskap, Tianjin Stein Culture Communication CO, som vil re-lansera den norske punk-rocken digitalt. I tillegg vil dei få eventuelt fysisk restopplag frå Subs for ny distribusjon.

Nye Kina-turar?

K-Jell har vore på fleire turnear og konsertar i Kina.Dei to første singlane nådde 25.000 totalt og dei tre første albuma gjekk ut til 26.500.

Men etter at Liu Xiaoboi 2010 fekk fredsprisen blei det ikkje det same.

– Turen vår i 2011 blei heilt annleis enn tidlegare. I 2010 spelte vi for 10.000 på festival, på stadar der vi spelte for 700 på førre tur kom det 7 personar. Vi blei ikkje nekta å spela, men arrangørane fekk ikkje lov å marknadsføra det - eller å betala oss.

Les reisebrev frå K-Jell sin Kina-turné i 2009.

Kjell har ikkje inntrykk av at forholdet mellom Kina og Noreg er heilt normalisert, men reknar med at ein eventuell ny tur blir like bra som dei før 2011.

– Dei ønskjer å ha oss bort igjen på festivalar til sommaren, men dette er hobby for oss, og ingenting er bestemt. Men om relanseringa går bra og dei ordnar eit bra opplegg til oss, så er det mogleg at vi prøver å få det til å passa.

Russisk interesse

K-Jell har òg tilbod om å koma til England og Russland.

– Eg kom i kontakt med nokre rockarar då eg var på påskeferie i St Petersburg. Vi blei blant anna invitert med The Pauki, eit svært energisk folk-rock-punk-band, på turné.

Kjell blei på strak arm invitert på fotballkamp med årets serievinnar i den russiske toppdivisjonen av managementet.

– Ein av dei kjenner faktisk han som på 90-talet distribuerte Punishment Park (som Moberg tidlegare spelte i) for oss.

Norsk og engelsk - på vinyl

I 2011 song Kjell på norsk for første gong på 20 år, på ei av låtane på «People like us in a pretty pink world».

I fjor kom eit album med halv om halvt med norske låtar.

– Det var eigentleg ikkje plan om å gje ut album i fjor, men litt etter litt auka det på med nye låtar, og då vi hadde nok var det berre til å få det gjort.

«Attacked by Fish, Punx, Rain and Rats» er trykt i 500 eksemplar på raud vinyl. Plata har éi side med engelske låtar og éi side med norske coverlåtar.

– Det skal vera ein raritet å eiga, forklarer Kjell, som sjølv kjøper platene han liker best på vinyl.

– Vinyl veks noko enormt. I 2015 passerte inntektene på vinyl, for britiske artistar, inntektene frå YouTube. Vinyl har auka i åtte år på rad og var i 2015 det største sidan 1994, fortel Moberg, og viser til ein artikkel på The Guardian.

K-Jell er ferdige med å selja på kommisjon, «Attacked by Fish, Punx, Rain and Rats» blir selt av musikarane sjølv, med unntak av nokre få platesjapper som har kjøpt inn eit lite utval.

– Berre vi går i null så er vi nøgd.

Stal plate i Fjellheim for å læra

På den norske sida av det nyaste albumet har K-Jell spelt inn låtar dei sjølv var glade i å spela då dei var i ferd med å læra seg å spela gitar.

To av låtane, «Produkt av 70-åra» av 80-talsbandet Hærverk frå Oslo og «Samfunnsrotter» av De Håpløze frå Os er dei to første Kjell lærte å spela.

– Vi hadde ikkje nokon som kunne læra oss eller visa oss noko, vi måtte finna ut av alt sjølv. Då Os ungdomsklubb, som heldt til i kjellaren på Fjellheim, fekk ei plate med Hærverk nekta DJ-en å spela den. «Det var jo berre bråk».

– Då DJ-en ein dag var vekke i to minutt stal vokalisten vår singelen og vi tok den med heim for å øva, minnest Kjell.

Her er eit av dei første opptaka av Kjell & Co i Fjellheim (1984). Her er nyinnspelt musikkvideo av K-Jell sin versjon av «Produkt av 70-åra».

– Kva ventar du av 2017?

– Vi skal skriva nytt og øva, og kanskje ta eit par turar i studio. Det blir ingen nye album i år, men det blir spennande å sjå om relanseringa i Kina går fint, og om det blir nokon utanlandstur på oss, seier Kjell Engelsen Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.