Lokal | 23. sep. 2020

– Kan bli full storm

Melder regn og kraftig vind frå sør.

– Kan bli full storm
Høg flo og frisk bris frå sør, inn mot Steinneset, i februar i år. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. sep. 2020 12:14

Meteorologisk institutt har ute fleire farevarsel i Sør-Noreg for onsdag og torsdag. Innlandet får mykje regn, Sørlandet og Vestlandet får kraftige vindkast.

I tidlegare Hordaland fylke er dette varselet publisert på Yr: Opp i frisk bris av skiftande retning, torsdag morgon auking til søraust stiv til sterk kuling utsette stader, torsdag ettermiddag auking til sørleg liten og kan hende full storm. Regn og regnbyer. Utrygt for torever.

Innbyggarar bør hindra at gjenstandar ligg laust i hagar, og sikra trampolinar. Har du brygge eller båt, bør du sjå til desse før stormen set inn.

Med auka kraft ettermiddag og kveld

Ifølgje Pent.no, som viser varsel for Storm og Yr side om side, er det i 11-12 tida torsdag at vinden skal auka frå 2-3 m/s til 7-8 m/s, og i 15-tida og utover kvelden til 13 m/s (Storm) eller 16 m/s (Yr) på det kraftigaste, i 19-20-tida.

Vinden skal først koma frå søraust, for så å dreia til sør - noko som betyr at det kan bli høge bølgjer inn i Os hamn i morgon.

Det er òg meldt nedbør samanhengande frå klokka 06 og ut dagen.

Det er flo klokka 04:30 og 16:56 i Os i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.