Politi | 02. aug. 2021

Kan ha hindra innbrot

Observerte to menn med kubein.

(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. aug. 2021 07:54

Søndag i 09.20-tida fekk politiet melding om to menn som gjekk med noko som likna ei kølle eller eit kubein ved eit næringsbygg på Søfteland.

Ein patrulje rykte ut og møtte to menn.

– Dei hadde ikkje kome seg inn i bygget, men det var gjort skadeverk, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei to er i 20- og 30-åra og blir skildra som kjenningar av politiet.

– Vi har oppretta sak. Dei to er meldte for skadeverk.

Fann stoff på mann som knuste busskur

Fredag kveld blei ein mann tatt for hærverk på eit busskur langs Byvegen.

(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògMann i 40-åra tatt for hærverk

Dette var i krysset mellom Byvegen og Industrivegen. Mistenkte, ein utanlandsk mann i 40-åra, framsto som rusa.

– Det blei også funne noko stoff på vedkomande. Vi mistenker at det er amfetamin.

Mannen blei køyrd til rusakutten.

Gjestar i klammeri

Seinare fredag kveld, i 23.20-tida, fekk politiet melding om bråk på ein restaurant.

– To gjestar var i klammeri, men det ordna seg mens patruljen var på staden.

Klokka 04.15 fekk politiet melding om ein svært full mann som låg på eit fortau i Os sentrum.

– Patruljen var på veg til eit anna oppdrag, men det var venar i nærleiken som tok seg av vedkomande.

Klokka 00.12 fekk politiet klage på feststøy i Kuvågen-området.

– Det var ein ungdomsfest med mykje skrik og skrål i og utanfor huset, blant anna med hopping på trampoline.

– Dei fekk pålegg om å dempa seg, og festen blei avslutta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.