Lokal | 11. apr. 2018

– Kan ikkje stola på Frp

Jakob Enerhaug (KrF) til angrep på Frp då aksjekjøp i Hordfast AS blei diskutert og avgjort i kommunestyret.

– Kan ikkje stola på Frp
Jakob Enerhaug (Krf) gjekk til angrep på Frp, som han meiner forlet standpunktet mot bompenger i spørsmålet om bru over Bjørnafjorden (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. apr. 2018 08:25

Tysdag skulle kommunestyrepolitikarane ta stilling til om Os kommune skulle kjøpe seg inn i Hordfast AS eller ikkje. Det gav ikkje uventa ein debatt mellom brumotstandarane og bruforkjemparane.

– Eg trur nesten ikkje det eg les frå formannskapet. Skal vi kjøpe aksjar i eit lobbyselskap, innleia Jakob Enerhaug (Krf) som refererte frå saksframlegget.

– Med respekt å melde, det er ikkje slik administrasjonen presenterer saka i sakspapira. Det står ikkje at Hordfast vil jobba for Os kommune sitt beste. Dei har som kynisk overordna mål å driva fram bygging av brua. Dei har ingen skruplar mot å flå innbyggjarane med bompenger.

– Er dette så enkelt at posisjonen berre vil sikra seg ein styreplass? No er det ikkje usannsynleg at partipisken er svinga og det er tydeleg at dei har eit pragmatisk forhold til val-løfter. Frp har profilert seg som bompengemotstandarar, men ikkje her. Landspartiet er sterke motstandarar, eg veit ikkje eg, om Os Frp har fått dispensasjon frå partiprogrammet.

– Vi såg det same i siste kommunestyremøte før jul, kor Frp og Høgre kom med eit anna løftebrudd då dei skuffa velgjarane med å legga ned den kommunale kontantstøtta, noko dei sa dei ikkje skulle gjera i valkampen i 2015. Eg vil åtvara folk mot det desse partia synes å gjera i saka her. Er dei til å stole på i brusaka med tanke på at dei vil gjera det beste for innbyggjarane i Os. Nei, seier eg, tordna Enerhaug.

Kven skal vi stole på?

Enerhaug sitt angrep på posisjonen fekk ikkje stå uimotsagt.

– Det var mykje i innlegget om moral, etikk og kven vi kan stole på. Partileiaren til Enerhaug støttar prosjektet heilhjarta, så skal vi stole på Os Krf som meiner posisjonen ikkje er truverdig. Eller skal vi stole på partiet sentralt, spurte Espen Aspenes (Frp) retorisk.

– Lokalt skal vi jobbe for det beste for innbyggjarane i Os og då kan du stole på Krf i Os, så får vi sjå om ikkje Hareide seier det same som oss etterkvart, svara Enerhaug.

– Kva blir kronebeløpet?

Leif Gunnar Heggland (Frp) følgde opp med å svara Enerhaug og dei andre oposisjonspolitikarane som gjekk til angrep på posisjonen.

– Det er reint rørande å høyre på dei som har nilest Frp sitt partiprogram. Det er ikkje dette ein ønskjer, men vi er pragmatiske. Ein må velgje ein veg å gå og vi har vald å gå mot vest. At andre har vald andre retningar har vi respekt for.

– Om Os kommune ønskjer å vera med, ja om ein skal få realisert dette, så treng vi bompengar. Det er den måten vi byggjer veger på i dette landet. Det dreier seg om utvikling og vekst, spesielt i ein krevjande periode for Vestlandet, kommenterte Heggland.

– Eg blir nesten rørt av at du blir rørt. Det er sterkt og rørande at ein er villig til å legga vekk eit så viktig spørsmål. Om ein skal ta inn dette i bompengar, kan du då eksemplifisera i størrelsesorden kva ein må ta inn frå bilistane, ville Enerhaug vite.

– Eg veit ikkje kronebeløpet, men spørsmålet er om Os kommune ønskjer å sitta i ein organisasjon som skal realisera prosjektet, og det ønskjer vi, svara Heggland.

Krev fast plass i styret

I innleiinga til saka fremja Gustav Bahus (Frp) eit endringsforslag der ein gjorde krav om at ordførar skulle få fast styreplass i Hordfast AS, med varaordføraren som fast varamedlem.

– Det er ikkje førehandsinnkreving vi skal ta stilling til i dag. Det handlar om vi skal kjøpe aksjar i Hordfast AS og om vi skal krevje ein fast styreplass, noko eg stør. Når det gjeld bompengar så er det slik at om vegen ikkje blir realisert, så kan vi krevja om vi sit i styret, at pengane skal nyttast til omkringliggande vegar. Det må vi sørgje for i denne saka.

– Vi ønskjer å sitta ved bordet og påvirke der ein kan. Det er bakgrunnen for at høgre ønskjer å gå inn i Hordfast, kommenterte Marie Bruarøy (H) som kom med eit tilleggsframlegg om at finansieringa av kjøpet av aksjene skulle gjerast frå kommunestyret sitt disposisjonsfond.

Svelgje kameler eller realpolitikk?

Ho fekk støtte frå Espen Aspenes (Frp).

– Det lokale perspektivet er at vi ønskjer veg og vi ønskjer midtre trasé. Det har vi vore tydelege på og difor synes vi det er fornuftig å vera på dei arenaene kor vi kan vera med å påvirka.

– I forhold til førehandsinnkreving av bompenger så er det rett at Frp ikkje er glad i bompenger. Om vi skal kalle det kamelsvelging eller realpolitikk er ikkje godt å seie, men vi fekk ei ekstremt god avtale med måten det blei løyst på i Svegatjørn-Rådalen prosjektet. Den einaste moglegheiten å krevja inn bompenger på førehand er at det er eit ferjeavløysingsprosjekt. Det er snakk om 5 milliardar og det er stortinget som skal godkjenne ei eventuell førehandsinnkreving ikkje vi, påpeika Aspenes som meinte at deltaking i selskapet ville gje større moglegheiter for å påvirke.

Os, allereie viktig høringspart

Nils-Anders Nøttseter (MDG) meinte at det ikkje er heilt rett.

– Du seier at vi ikkje skal ta stilling til førehandsinnkreving, jo faktisk skal vi det. Det står ganske tydeleg i formålsparagrafen til selskapet.

– Når det gjeld påvirking, så er Os kommune allereie ein av dei aller viktigaste høringspartane. Vi har høyringsrett og kan og vil uttale oss kvar gang det er relevant. NHO, som eig Hordfast, har forøvrig også som vane å uttale seg i høyringar, så det er ikkje rett at vi må sitta i Hordfast for å sitta ved roret. Det største roret er i Os kommune.

Kjøp av aksjene i Hordfast AS blei vedteken med 18 røyster frå Frp og Høgre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.