Kultur | 31. okt. 2018

Kan tangera Oseana-rekord frå 2011

1 million kroner skal delast ut i Oseana i morgon. 1100 gratisbillettar er delte ut til konsert og overrekking.

Kan tangera Oseana-rekord frå 2011
Bergen Live ved Andreas Lindborg er på plass for å rigga salen klar, her saman med Benedikte Toftesund frå Sparebanken Vest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. okt. 2018 15:03

Bildeserie:

Anja Riise frå SPV i Fusa. (Privat foto)
Anja Riise frå SPV i Fusa. (Privat foto)
Desse skal synga for over 1000 i Oseana i morgon.
Desse skal synga for over 1000 i Oseana i morgon.
1 av 2
Anja Riise frå SPV i Fusa. (Privat foto)
Desse skal synga for over 1000 i Oseana i morgon.

Sparebanken Vest har i ei årrekkje delt ut midlar lokalt. Tidlegare i år delte dei ut 490.000 kroner til ulike lag og organisasjonar.

Så søkte dei om, og fekk innvilga, å få Hjartebank til området, med konsert og felles utdeling av 1 million kroner til eldsjeler i Os, Fusa og Samnanger.

– Ofte er slike konsertar og overrekkingar i idrettshallar, som fungerer fint. Men vi synest det er kjekt at vi fekk ha det i Oseana, det gir ei ekstra staseleg ramme, seier Benedikte Toftesund i Sparebanken Vest på Os.

Publikumsrekord og parkering

Det er delt ut over 1100 gratisbillettar til arrangementet, som finn stad på flatt golv i Oseanasalen torsdag kveld.

– Om alle som har bestilt billett faktisk stiller så blir det tangering av publikumsrekorden under Vamp-konserten i opningsveka i 2011, fortel Berit Steen i Oseana.

Nærmast tangering av rekorden til no, er det Sivert Høyem og Aurora (2016) som har vore.

– Folk bør parkera på langtidsparkering rundt Os sentrum, borte hos oss blir det fort fullt, og det å køyra opp Mobergsbakken for å snu, kan fort skapa forseinka ankomst. Kom i god tid, og set frå deg bilen eit stykke unna, er Oseana si oppmoding.

151 søkjarar

Sparebanken Vest har mottatt 151 søknadar om pengestøtte. Dei nominerte har vore oppmoda om å bestilla gratisbillett.

Ingen av dei veit, før i morgon, kven det er som får pengegåve.

Juryen består av Meline Heimdal Haugland, William Lindborg, Daniel Skotheim og Liv Grete Skjelbreid.

Konsert med fire artistar

Benedikte Toftesund skal ønskja velkomen saman med Anja Riise frå SPV-kontoret i Fusa.

Så skal rådgjevarane i bankane dela ut pengar til dei ulike mottakarane.

Eirik Strønen Søfteland er konferansier for kvelden, og skal i tillegg synga.

Det same skal Kari Bremnes, Halie og dei lokale talenta Zofia Konieczka og Frida Solheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.