Kanonskyting av Sofie
Sofie Evensen er klar for sin andre finale på Landsskytterstemnet etter å ha skote 30/27 på feltskytinga.
Bildeserie:
Heile 359 skyttarar deltek i klassa for eldre rekrutt under Landsskytterstemnet (LS) i Førde og det er ei tøff klasse og konkurrere i. Heilt i toppsjikte finn vi osing Sofie Evensen, som allereie har skote seg til ein sterk 12. plass i finalen på baneskytinga.
Tysdag var dei eldre rekruttane ute på feltskytinga og igjen leverte Sofie ein serie det lukta svidd av.
Etter fire hold hadde ho 24 av 24 blinkar nede, 23 av dei i sentrum og pulsen hos mor og far, som sto bak og såg på var høg. Sofie leverte varene også på dei siste seks skota, traff blink på alle, fire av dei i sentrum.
– Hadde du like høg puls som far din då du låg på standplass?
– Nei, min var heilt normal. Eg hadde ikkje puls i det heile tatt, smilte Sofie då Midtsiden møtte ho rett etter skytinga.
Payback-time
Med 30 treff og 27 sentrumsblinkar tangerte ho sin eigen personlege bestenotering på feltskytinga.
– No er eg berre veldig glad. Det er veldig spesielt å skyte på landsskytterstemnet, eg trur ikkje eg hadde så veldig mykje meir inne i dag.
– Har du skote så bra tidlegare?
– Nei, eller jo forresten, ein gang på lagsmeisterskap.
– Hva seier du om din eigen prestasjon under LS?
– Det er payback frå i fjor. Då kom eg ikkje til nokon finale. I år er eg i to. No blir det spennande på feltfinalen fredag. Då har vi ingen prøveskot før skytinga, men eg håper og føler at eg har det inne, avsluttar Sofie Evensen med eit smil.
Konkurransen i eldre rekrutt er steintøff. Sofie kom på 10. plass i den innleiande skytinga med sine 30/27. Foran ho hadde fire skyttarar 30/29 og fire 30/28.
I finalen ligg også Kyrre Haugland, som i sin debut på LS skaut 30/18.
For ei avslutning
Markus Johannessen, som skaut var på samlaget til Hordaland saman med Sofie Evensen og Amalie Evensen var litt uheldig på det eine skotet på si innleiande skyting og enda på 29/19. Men for ei avslutning han hadde på siste holdet. Seks av seks skot i sentrum, og med ei samling ein knapt har sett makan til. Det såg berre ut som eitt digert hol i sentrum på skiva.
– Det var kjekt å sjå at det sat så bra som det gjorde på dei siste skota. Berre så synd med det eine skotet som gjekk ut på det tredje holdet. Eg er nøgd med skytinga, men hadde håpt eg skulle slept den eine niaren, oppsummerte Markus etter skytinga.
Dei tre andre osingane som var i sving på feltskytinga tysdag gjorde det òg bra, men hadde litt stang ut. Aleksander Ronæs skaut 29/18, Gaute Eide Bergstø 28/13 og Loke Eide 26/10.
Heile 91 skyttarar hadde 30 treff og får skyta finale fredag.
Midtsiden si samleside: Alt om skyting
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.