Karoline Krüger og Sjur Hjeltnes til Oseana med Labyrinter. (Pressefoto)

Karoline og Sjur tilbake i Oseana

Labyrintar på laurdag: Karoline Krüger har tulla med lokale kunstnarar, Sjur Hjeltnes har spelt for over 1000 på Mobergsneset.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag kjem Karoline Krüger og Sjur Hjeltnes tilbake til Oseana. Dei to har tidlegare, saman med andre, samla stort publikum på Mobergsneset.

Karoline deltok i den eventyrlege Festspillene-framsyninga «Peter og Ulven» i 2013. Året før spelte ho og ektemannen Sigvard Dagsland minikonsert i Greigsamlinga i samband med Ine Tumyr og Eilif Stene sin vernissasje.

• Video: Tulla med kunstnarane (2012)

Sjur Hjeltnes var den stødige makkeren til Linda Eide i 2014, då Oseana produserte suksessen «200-år på 2 timar».

– Framsyninga blei filma av NRK, og sett av nærmare 1000 publikummarar hos oss, før den reiste på turné rundt om i fylket, seier Veronica Søilen Halhjem frå Oseana.

Sidan har Sjur vore Linda sin faste makker på Litteraturhuset i Bergen, der dei månedleg har hatt serien «Ut med Språket», som også er blitt sendt på NRK TV.

Basert på André Bjerke sine rim og reglar

Laurdag er Karoline Krüger og Sjur Hjeltnes tilbake, saman, med teaterkonserten «Labyrinter». Labyrinter er produsert i samarbeid med Hordaland Teater, og er basert på André Bjerke sine tekstar.

Jarl André Bjerke (1918-1985) var ein norsk forfattar, diktar og sjakkspelar. Han debuterte med diktsamlinga «Syngende jord» i 1940, og var ein markant figur i litteratur- og språkdebatten i etterkrigstida.

I dikta sine finn vi mykje lengsel etter barndomen, og mykje humor. «Viss du bruker mykje humor er du mindre seriøs» er ei haldning Bjerke var kritisk til, noko som kjem tydeleg fram i novella hans «Dikteren, rusen og alvoret».

Labyrinter
Idé og musikk: Karoline Krüger
Musikarar: Sjur Hjeltnes (piano), Eline Sundal (cello), Snorre Bjerck (perk) og Karoline Krüger (trekkspill & vokal)
Varighet: 45 minutt.
Passar for born frå 5 til 12 år og vaksne i alle aldre.

Fleire saker