Kasta fyrverkeri inn på buss
Ingen personar blei skadd av fyrverkeriet fredag, eller av trugande mann på utestad dagen etter.
![Kasta fyrverkeri inn på buss](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/6e4c360aeb2ce73159cb9125c302426d8b155760-1800x1200.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Fredag i 20-tida fekk politiet melding frå ein bussjåfør om ungdomar som kasta fyrverkeri inn på bussen han køyrde.
– Det blei ikkje meldt om skade på verken buss eller folk, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Hendinga skjedde nord for Os sentrum. Politiet hadde ikkje patrulje ute på staden.
Laurdag i 19-tida fekk politiet melding om ei anna hending med ungdom involvert.
– Ungdom skal ha blitt treft av gelékuler. Gelékulene blei skotne av nokre gutar frå bil i fart.
Også denne hendinga var nord for Os sentrum.
Natt til søndag var det vaksne innbyggarar politiet fekk klage på.
Først var det ei kvine i 40-åra som var full og vanskeleg, og nekta å forlata ein utestad.
– Ho gjekk frivillig då patruljen kom til staden.
Så fekk politiet melding om ein mann i 50-åra med trugande åtferd, rusa og kranglete.
– Han blei vist vekk av politet.