Politi | 26. des. 2023

Hjort påkøyrd første juledag

Blei liggande igjen i vegen.

Hjort påkøyrd første juledag
Hjorten blei liggande igjen i vegen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 26. des. 2023 08:40

Måndag første juledag, litt før klokka 22, blei ein hjort påkøyrd på Ulvenvegen, i eine enden av Ulvensletta.

– Det såg ut som om bilen hadde retning frå Kolskogen mot Skeie, men den sto i motsett side av køyrebanen, fortel vitne som køyrde forbi.

Fleire hadde stoppa for å hjelpa til.

Uhellet skjedde cirka 50 meter inn i 80-sona på Ulvenvegen retning frå Kolskogen mot Skeie. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Uhellet skjedde cirka 50 meter inn i 80-sona på Ulvenvegen retning frå Kolskogen mot Skeie. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Hjorten låg igjen i vegen.

Det er uvisst om personar blei skadd i samanstøyten, vi har foreløpig ikkje fått tak i politiet for kommentar.

Politiet stilte sterkt i Os sentrum i 13.20tida i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Politiet stilte sterkt i Os sentrum i 13.20tida i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

På dagtid måndag, i 13.20-tida, stilte politiet i Byvegen og Holtbrekka med tre patruljar, inkludert innsatsleiar frå Bergen.

Ambulanse var òg på staden.

– Ein patrulje skulle kontrollera ein kar, og ville ha forsterkingar. Det viste seg å ikkje vera naudsynt. Ambulansen var ikkje relatert til vårt oppdrag, seier innsatsleiar Ole Marius Røttingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.