Sport | 12. apr. 2023

Kjem heim til Os for å halda foredrag

– Det er ope for alle, seier arrangør Opptur Løpeklubb.

Kjem heim til Os for å halda foredrag
Sverre Lunde Pedersen, her med nyvunnen VM-medalje i Heerenveen, stiller opp for Askeladden og Opptur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. apr. 2023 11:17

Torsdag om ei veke kjem Sverre Lunde Pedersen til Fjordloftet over 7/Eleven for å halda foredrag om trening.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Opptur Løpeklubb og Askeladden Boats.

– Vi hadde lyst å arrangera eit foredrag for medlemmane våre igjen, førre fordrag var før pandemien, fortel formann i Opptur, Halvor Hagland.

Nyleg avtroppa styremedlem, Jonathan Dyrstad, er både aktiv med løping og dagleg leiar for Askeladden.

– Vi sponsar Opptur og har ein meir omfattande sponsoravtale med Sverre. Det er kjekt at vi tre kan samarbeida om dette, synest Dyrstad.

Sverre er i desse dagar i lett trening. Første samling før oppkøyring til neste sesong startar 1. mai.

– Eg driv meir med sykling enn løping, men er glad i fjellturar og løping i terreng, og vil dessutan snakka om kondisjonstrening generelt og intervalltrening spesielt, seier Lunde Pedersen.

Han har tidlegare halde foredrag for samarbeidspartnarar, og gler seg til å snakka om trening for løparar, syklistar og andre som møter fram.

– Foredraget er gratis og ope for alle, men vi har begrensa mengde sitjeplassar, derfor har vi lagt ut påmelding på Facebook- og Instagram-sida til Opptur, fortel Hagland.

Opptur, som i fjor skifta namn frå Opptur Motbakkeklubb til Opptur Løpeklubb, har over 50 medlemmar.

– Vi har nyleg skifta system for medlemsregistrering, og ikkje fått alle med over. Talet har lagt endå høgare, og aktivitetsnivået er veldig bra.

Måndagane har det vore felles lett løping i vinter, men no er Linken jaktstart i gang for sesongen. Onsdagane er det Lyshorn, fredagane på bane i Os idrettspark.

– Vi gler oss til å høyra på Sverre, til å få råd og motivasjon av ein som har vore i verdstoppen heile livet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.