Lokal | 24. mars 2014

Kjem spekkhoggarane i år òg?

Skal du på fjorden denne veka? Hald i så fall augene opne og kamera (og telefon) klar!

Kjem spekkhoggarane i år òg?
Spekkhoggarar utanfor Haugsneset 8. april 2013. Mobergsvikjo i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. mars 2014 12:40

Kvar vår dei siste åra har det vore spekkhoggarar i Bjørnafjorden, og det er stort sett den siste veka i mars og den første i april det har vore observasjonar.

Sjå spekkhoggarar i Bjørnafjorden i 2010, 2011 og 2012.

Fanga på film to gongar i 2013

I fjor fekk familien Lekven seg ei fantastisk oppleving, fanga på film, med spekkhoggarar utanfor Lekvenvågen og Ferstadneset.

Veka etter var Midtsiden på fjorden og filma spekkhoggarar utanfor Haugsneset, Solstrand og Bjånes.

Tips Midtsiden!

Med strålande sol og stille fjord er det god sikt og freistande å vera i båt på Bjørnafjorden denne veka.

Etter det Midtsiden kjenner til skal det også ha kome sild i fjorden, og då er kanskje ikkje dei store kvalane langt unna heller?

Kjenner du til spekkhoggar-observasjonar?
Tips Midtsiden på 907 89 270 eller kjetil@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.