Helse | 20. jan. 2023

Kjem til Os for å opna kjøkken

Helseminister Kjerkol besøker Luranetunet.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap). (Foto: Helse- og omsorgsdepartementet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. jan. 2023 13:17

– Endeleg er vi i gang! Etter fleire år med planlegging og prosjektering er matomsorga i hendene på kokkar på Luranetunet, skreiv Luranetunet på Facebook tysdag.

Dei deler også fleire bilde av det nye kjøkkenet.

Delar av det nye kjøkkenet. (Foto: Luranetunet)

Produksjonskjøkkenet ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) lagar middagar for både eigne bebuarar, bebuarane på Luranetunet, brukarane av dagsentera og heimebuande som får middag levert på døra.

I tillegg har både Luranetunet og FBBS tillagingskjøkken. Her lagar matfagleg tilsette til maten for servering. Dei lagar òg dei delane av måltidet som ikkje er eigna til oppvarming, som til dømes kokt fisk og grønnsaker.

– Eg begynte å jobba for kjøkkenløysinga som opposisjonspolitikar i 2015. Det er ei stor glede at vi i posisjon i Bjørnafjorden endeleg har fått dette til - både for dei eldre og for dei tilsette, seier ordførar Trine Lindborg (Ap) i ei pressemelding.

Trine Lindborg (Ap) fremja forslag om å utgreia institusjonskjøkken på Luranetunet (foto: Andris Hamre)
Les ògØnsker seg kjøkken på Lurane

Onsdag kjem helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) til Luranetunet.

Der vil ho foreta offisiell opning av kjøkkenet.

Formålet med besøket er også å høyra og sjå korleis Bjørnafjorden kommune løyser utfordringar som mange kommunar står i:

  • Betre matomsorg i pleie- og omsorgssektoren
  • Betre tid til pleieoppgåver for helsepersonell i institusjonane
  • Rekruttering av fastlegar - «Bjørnafjordmodellen»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.