Politi | 25. jan. 2023

Klagde på forholda i Smiebakken

Parkering på begge sider av vegen.

Klagde på forholda i Smiebakken
Smiebakken frå Lurane og Haugsneset ned mot Steinneset. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. jan. 2023 08:14

Torsdag i 15-tida fekk politiet melding om dårlege forhold i Smiebakken grunna parkering på begge sider av vegen.

– Meldar frykta at det kunne bli vanskeleg for utrykkingskøyretøy å passera, fortel poliitioverbetjent Atle Birkeland.

Politiet sendte ein patrulje til staden i 15.30-tida, men då såg det greit ut.

– Det er mogleg at problemet er meir aktuelt på dagtid. Vi anmodar folk om å bruka fornuft når dei set frå seg bilen.

Klokka 19.15 tysdag fekk politiet melding om påkøyrd hjort på Hegglandsdalsvegen.

Hjorten blei påkøyrd nær Hegglandsdalen barnehage og den nedlagte skulen.

– Viltkontakt blei varsla.

Klokka 21.20 rykte brannvesenet ut på melding om flammar inni eit hus på Skeie.

Det viste seg at naboen på andre sida av vegen hadde sett flammar, men det var i ein peis, og ikkje noko som burde sløkkast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.