Skøyter | 01. mars 2023

Klar for VM: – Eg er frisk igjen no

Etter ein «lett runde med covid» er Sverre Lunde Pedersen klar for å kjempa om medalje.

Klar for VM: – Eg er frisk igjen no
Sverre, her under styrketrening i Os i 2021, fekk covid førre veke. Fredag går han lagtempo i VM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. mars 2023 15:07

Sverre Lunde Pedersen viste at formen er på rett veg då han kom tilbake og gjekk 5000 meter i dei to siste verdscupane.

Etter Polen gjekk turen til Nederland og VM-byen Heerenveen måndag i førre veke.

Onsdag blei han sjuk, Sverre fekk covid-19 for andre gong.

– Det blei ein lett runde. Eg hosta ikkje, eg var berre tung i kroppen og hadde vondt i hovudet, seier Lunde Pedersen til Midtsiden.

I helga følte han seg frisk igjen, og han har trent sidan søndag.

– No er eg spent på skøyteformen. Eg har hatt framgang kvar dag sidan søndag, og trur det skal gå greit.

Sverre var tredje beste norske på 5.000 meter i verdscupavsluttinga, men fekk ikkje den tredje og siste plassen i VM. Den gjekk til Engebråten.

I staden er Sverre reserve på 5000 torsdag og sett opp på lagtempo saman med Kongshaug og Eitrem fredag kveld.

– Resten av gjengen er friske?

– Det har vore ein del sjukdom blant skøyteløparane dei siste vekene, men den norske laget har halde seg friske.

– Og du har ikkje hosta på Engebråten?

– Eg har prøvd, men eg har ikkje fått han innanfor rekkevidde, seier Sverre og ler.

Stort heimepublikum

Os Travel har med seg Midtsiden og 56 publikummarar frå Os med fly til Heerenveen torsdag morgon.

I tillegg er det ein del heimepublikum frå Os og Fana som reiser på eiga hand.

Midtsiden rapporterer frå turen.

Herman Hagevik stilte uniformert og med flagget han lagde før turen til Inzell i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògVM-klart publikum jubla for Sverre!

Skøyte-VM blir sendt direkte på Viaplay og Viaport 1.

Program for skøyte-VM

TORSDAG
18:20 3000m Women
19:35 5000m Men
21:25 Team Sprint Women
21:42 Team Sprint Men

FREDAG
19:05 Team Pursuit Women
19:30 Team Pursuit Men
20:14 500m Men
20:53 500m Women

LAURDAG
13:36 Mass Start Semi-Final Men 1
13:52 Mass Start Semi-Final Men 2
14:22 Mass Start Semi-Final Women 1
14:40 Mass Start Semi-Final Women 2
15:13 1000m Men
15:57 1000m Women
16:58 Mass Start Men
17:19 Mass Start Women

SØNDAG
12:45 1500m Men
13:45 1500m Women
14:46 10000m Men
16:48 5000m Women

VM-uttaket

Kvinner:
500m: Martine Ripsrud
1000m: Martine Ripsrud
1500m: Ragne Wiklund
3000m: Ragne Wiklund og Sofie Karoline Haugen
5000m: Ragne Wiklund og Sofie Karoline Haugen
Fellesstart: Sofie Karoline Haugen
Lagtempo: Aurora Løvås, Ragne Wiklund og Sofie Karoline Haugen

Menn:
500m: Håvard Lorentzen og Bjørn Magnussen
1000m: Håvard Lorentzen
1500m: Peder Kongshaug, Sander Eitrem og Allan Dahl Johansson
5000m: Sander Eitrem, Sigurd Henriksen og Hallgeir Engebråten
10.000m: Sigurd Henriksen og Sander Eitrem
Fellesstart: Kristian Ulekleiv
Lagtempo: Sverre Lunde Pedersen, Peder Kongshaug og Sander Eitrem
Lagsprint: Henrik Fagerli Rukke, Håvard Lorentzen og Bjørn Magnussen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.