Kultur | 04. sep. 2019

Klare for åtte dagar med kultur

Kulturminnedagane startar på laurdag - Marius Neset avsluttar det heile med dobbel intimkonsert på Lyngheim.

Klare for åtte dagar med kultur
Denne gjengen, saman med ei rekkje gode hjelparar, står bak det innhaldsrike programmet til Kulturminnedagane 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 04. sep. 2019 10:34

Kulturminnedagane er eit samarbeid mellom Os Sogelag, Fortidsminneforeininga Os lokallag, Stiftinga Lyngheim, Oselvarverkstaden, Oselvarnaustet og Kultureininga.

Frå 7. til 15. september blir det eit spanande og variert program for heile familien under tittelen «Framtidas kulturarv».

I fjor fekk arrangørane Kulturminnedagpris for sitt gode program, dette i konkurranse mot over 300 andre arangørar.

I dag fekk pressa ein djupdykk i årets program, og Ingebjørg E. Astrup frå Fortidsminneforeninga fortel at fjorårets pris heilt klart var inspirerande for vidare arbeid med Kulturminnedagane.

Korps og handverk

Opninga på laurdag er det Os skulekorps som står for.

Os skulekorps speler opp frå parkeringa ved «pumptracken» før dei vil leia publikum bort til Vognhallen, seier Stine Kobbeltvedt frå kultureininga.

– I Vognhallen vil Astrup, og kultursjef Erik Vangsnes helsa velkomen før dagen held fram med «Håndverksdagen».

På «Håndverksdagen» vil du Vognhallen få sjå demoar av 15 ulike tradisjonshandverk.

– Fokuset med denne dagen ligg på å syna fram tradisjonshandverk, seier Astrup.

– Vi lev no i ei tid med mykje bruk-og-kast, og kanskje ein dag kor du får sjå nærare på gamle tradisjonar og kunnskap, kan vera med å auka fokuset på miljø og grøne løysingar for framtida?

I tillegg til utstillarane vil det òg vera aktivitetar for born, legg Kobbeltvedt til.

Oselvaren i fokus i Oselvardraget

Det var ikkje noko av Kystsogevekene i Os i år, men den tidlegare Oselvarfestivalen er no fletta inn i programmet til Kulturminnedagane, seier Vidar Langeland frå Oselvarverkstaden.

– I Oselvarverkstaden vil det vera open verkstad med bygging av tre Oselvarar, og båtbyggjar Berit Osmundsen vil halda eit føredrag om oppmålingsprosjektet vi held på med. Om du eig ein Oselvar, eller om du tenkjer på å skaffa deg ein, vil vi vera til stades heile dagen for ein fagprat.

– Langeland legg til at det sjølvsagt, tradisjonen tru, vil vera båtbyggjar-verkstad for ungane utanfor Oselvarverkstaden.

Kobbeltvedt fortel til at Oselvarnaustet sjølvsagt er med på markeringa, og hos dei vil det vera presentasjon av Karveskurd, fletting av kipe og knivmaking. Os mannskor og Os durspelsamkipnad vil stå for underhaldninga.

Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne er klare for kapproing

– Vert det kapproing? Det er jo trass alt val?

– Ja, vi legg opp til kapproing, men til no er det berre Høgre og MDG som har takka ja til utfordringa, seier Kobbeltvedt. Her må dei andre partia kjenna si besøkelsestid. Det er jo val to dagar etterpå!

Har du lyst å å ro deg ein tur, vil det òg vera båtar du kan få låna.

Arrangørane ser føre seg at publikum skal kunna vandra mellom aktivitetane i Vognhallen i Oselvardraget, og treng du koma deg kjapt over på «hi sio», kan du få haik med ein Oselvar.

Lyst å læra rosemåling eller kajakk?

På søndag er det gratis rosemålingskurs for barn frå 5 år med Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund på det historiske tunet på Lyngheim, seier Torolf Juvik.

– Tilbodet er primært for ungane, men om det vert kapasitet kan vaksne får prøva seg òg. Her må publikum vera om seg og gripa sjansen til å få læra seg rosemåling frå desse to tradisjonsberarane, er Juvik si klare oppmoding.

Kulturminnedagane held fram på onsdag i neste veke. Då med høve til å få prøva kajakk.

– Dette tilbodet er det Bjørnafjorden Opplevelser som står for, og det heile går føre seg ved hopen ved Oselvarnaustet, seier Astrup.

– Tilbodet er gratis, og arrangørane legg opp til padlekonkurranse for deltakarane.

Spørsmålet om korleis kajakk passar inn i kulturminnedagane løyser ut ein god diskusjon rundt bordet, men det er Astrup som får sitatet;

– Sjøen er noko som ligg nært osingane, og dei seinare åra har vi sett ein «boom» når det kjem til bruk av kajakk. Her snakkar vi om nærkontakt med dei naturlege elementa, og når du kanskje ein dag vil ha med deg vener på sjøen, kan du jo gjera det i ein Oselvar.

Arrangørane legg til at både rosemålinga og kajakk-prøvinga krev påmelding, og at du finn informasjon på Os kommune sine nettsider om korleis du sikrar deg ein plass.

Framtidas museum og lansering av Os-ordspelet

På torsdag er det Os folkebibliotek som er arena for kulturminnedagane 2019.

– Det blir teiknekonkurranse for ungane, og vi vil utfordra dei på kva dei trur framtidas museum vil bli, seier Kristin Vangsnes Bøe frå kultureininga.

– Teikningane som kjem inn vil alle bli utstilte i biblioteket, og i tillegg kan du laga din eigen "button" med Os-uttrykk når du er på biblioteket denne dagen.

Torsdag kveld vert det lansering av Os-ordspelet med ord og uttrykk frå Os.

– Her kjem Åsmund Lien for å fortelja om bokprosjektet som er under arbeid, held Bøe fram.

– Boka med ord og uttrykk er ikkje heilt klar enno, men vi har til Kulturminnedagane fått laga eit kortspel basert på det som kjem i boka, og dette spelet vert altså lansert denne kvelden.

Lyden av Os får du i Oseana

Laurdag om halvanna veke vert det konsert med Os mannskor Os kammerkor, Tilslørte bondepiker, Bente Bratlund, Bjørnafjorden kulturskule og Annveig Fjeldstad i foajeen i Oseana.

– Vi kunne sikkert halde på i fem timar, men på ein time vil desse gje publikum ein liten smakebit av det som er av komposjonar og tekstforfattarar i Os, seier Kobbeltvedt.

– Dette er sjølvsagt ikkje det einaste du kan få med deg denne dagen, skyt Tove Nøss-Håvardstun frå Os Sogelag inn.

På Lyngheim er det ope hus med sal av kaffi og vaflar - det heile toppa med historiske leikar og sporløype for heile familien.

– Vi har faktisk funne ein som kan reglane for «Sprette-pinn», så er du ein av dei som har lyst å mimra gamle spel, er Lyngeim staden, seier Juvik.

På Os folkebibliotek er det same dagen duka for lesestund med bøker av forfattarar frå Os.

– Vi fekk nett stadfesta at både Vidar Bratlund-Mæland og Bjørn Terje Bøe begge vil koma og lesa frå bøkene sine, fortel Astrup.

Toppar det heile med to gongar Marius Neset

Søndag 15. september vert Kulturminnedagane runda av på Lyngheim.

Kobbeltvedt fortel at dagen startar som laurdagen med ope hus og historiske leikar.

– Det vert og internasjonal mat på menyen, fortel Håvardstun. Vi har fått med oss nye osingar som vil by på mat frå mellom anna Tyrkia og Afghanistan. Eg ser verkeleg fram til kombinasjonen og miksen av rosemåling og spanande internasjonale smakar og luktar!

Og juvelen i programmet?

Marius Neset spelar sundag kvelden to ekslusive konsertar i stova på Lyngheimtunet.

– Dette er råkt ut eit scoop, seier ein oppglødd Juvik.

– Vi har plass til om lag 40 publikumarar på kvar av konsertane, så her må folk vera om seg om dei vil ha plass. Det er allereie selt 20 billettar til no, seier Juvik.

Arrangørane legg til at bortsett frå konsertane med Neset, er alle aktivitetane og tilboda under Kulturminnedagane gratis.

– I botn av dei åtte dagane som kjem no, ligg det mykje dugnad og velvilje frå lag, organisajonar og enkeltpersonar. Utan dei kunne vi ikkje ha presentert eit så breitt og flott program.

Kulturminnedagane (European Heritage Days) går føre seg over heile Europa i midten av september kvart år. Målet er å feira og formidla den mangfaldige kulturarven. Frivillige organisasjonar, museum og kommunar er blant dei som står bak hundrevis av aktivitetar i Noreg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.