Kultur | 14. mars 2019

Klart for ny ølfestival på Oseana

Ny runde med heimebryggekonkurranse - i år skal det tevlast i amerikansk IPA.

Klart for ny ølfestival på Oseana
22. juni vert det ny ølfestival på Oseana. Her frå fjorårets festival. (Pressefoto) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 14. mars 2019 09:02

Bildeserie:

I år skal det tevlast i amerikansk IPA i heimebryggekonkurransen. (Pressefoto)
I år skal det tevlast i amerikansk IPA i heimebryggekonkurransen. (Pressefoto)
Fjorårets festival gjekk føre seg i strålande vêr - om lag 500 menneske tok turen innom. (Pressefoto)
Fjorårets festival gjekk føre seg i strålande vêr - om lag 500 menneske tok turen innom. (Pressefoto)
1 av 2
I år skal det tevlast i amerikansk IPA i heimebryggekonkurransen. (Pressefoto)
Fjorårets festival gjekk føre seg i strålande vêr - om lag 500 menneske tok turen innom. (Pressefoto)

Oseana Ølfestival er eit samarbeid mellom Oseana og Bjørnafjorden Bryggeri, og hadde i fjor rundt 500 besøkande på ein solfylt terrasse på Oseana.

I år er festivalen lagt til laurdag 22. juni.

Som del av festivalen vert det heimebryggarkonkurranse. No oppfordrar marknads- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica Søilen Halhjem, osingar, fusingar, bjørnafjordingar og alle andre interesserte å ta del i konkurransen.

Saman med Cato Larsen ved Bjørnafjorden Bryggeri kan ho fortelja ho at årets heimebryggarøl skal vera ein Amerikansk IPA.

– Dette er eit humletungt øl med god bitterheit, svak maltbase og uante moglegheiter kva gjeld smak og aroma, fortel Larsen.

Fjorårets vinnar snart i produksjon

I fjor skulle heimebryggarølet innehalda ein lokal ingrediens, og det var heimebryggar Bjørn Egil Døsen som då gjekk av med sigeren.

Ølet hans inneheld lokale bringebær, og skal snart i produksjon hjå Bjørnafjorden Bryggeri, fortel Larsen.

- Premien var å få laga ein batch av ølet sitt hjå oss. Det er enno ikkje klart om ølet vert å finna i butikkhyllene her i Os, men du skal sjølvsagt få kunna smaka på det under årets festival.

Larsen fortel at årets vinnar vil få same premien.

Fyr opp kjelane!

Halhjem fortekl at konkurransen er open for alle, og du kan delta åleine eller som ei gruppe.

Larsen fortel vidare at ølet vil bli vurdert av dommarar, og alle vil få ei tilbakemelding på ølet sitt i form av eit dommarskjema.

Deltek du i tevlinga må ølet ditt leverast i resepsjonen på Oseana innan 7. juni.

Det ligg fleire detaljar og konkurransereglar på heimesidene til Oseana og Facebooksida til festivalen, avsluttar Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.