Lysekloster il | 19. juni 2022

Klatra til 2. plass med siger over Brodd

Dang hadde nokre sjansar i debuten, men det var venstreback Håvar Kleppe som redda dagen.

Håvar Kleppe, her mot Sola i førre heimekamp, blei matchvinnar for Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. juni 2022 07:20

Lysekloster tok i går imot Brodd til kamp om 2. plassen på tabellen.

Heimelaget vann etter skåring få minutt før pause.

Lysekloster - Brodd 1-0 (1-0)
Målskårar: Håvar Kleppe
Tropp og kampfakta på fotball.no

Begge dei nysignerte frå konkursbuet etter Øygard, Alexander Dang og Marceli Wawrzyniewicz, spelte frå start og heile kampen.

Måljeger Dang hadde sine sjansar, både på frispark, gjennomløp åleine med keeper og på innlegg.

Fiton Durgiti, som har vore skadd i fleire veke, blei bytta innpå for Lloyd Fagerlie, men tatt av igjen.

David Campher, forsvarsspelaren som har skåra to mål i begge dei førre kampane, var også innpå.

Klatra på jamn tabell

Etter uavgjort og to tap, har Lysekloster no vunne tre på rad.

Lysekloster ligg no på 2. plass på tabellen, 4 poeng bak Brann 2.

Men tabellen er framleis jamn, frå Lysekloster er det berre 3 poeng ned til Bjarg på 8. plass og 4 poeng ned til Bremnes på 9. plass.

Lysekloster sin neste kamp er borte mot Fana laurdag.

Også Fana har klatra på tabellen dei siste rundane, etter ein noko svak start, og ligg no på 4. plass berre 1 poeng bak Lysekloster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.