Fotball | 17. juni 2022

Lysekloster har signert to spelarar frå Øygarden

Begge er speleklare når 3. plass i morgon tar imot 2. plass.

Alexander Dang og Marceli Wawrzyniewicz. (Foto: Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. juni 2022 16:15

Lysekloster ligg på 3. plass med 17 poeng etter 10 rundar (før Vidar i går spelte sin 11. kamp), 7 poeng bak Brann 2 på topp.

I naboavdelinga ligg Os på 4. plass 4 poeng frå Nordstrand på topp.

Begge avdelingane er jamne, med kort veg også nedover på tabellen.

Lysekloster tar i morgon imot Brodd, som ligg på 2. plass med 20 poeng. Då med to nye spelarar i stallen.

Alexander Dang og Marceli Wawrzyniewicz, som begge spelte på Øygarden før klubben gjekk konkurs, har no hamna i Lysekloster, melder idrettslaget på Facebook.

Dang har vore signert med Lysekloster før, i november 2014, men februar 2015 gjekk han i staden til Sotra, der han skåra heile 44 mål på 28 kampar i løpet av sesongen.

Han har også seinare vore ein effektiv spiss for blant andre Nest Sotra, Jerv og Egersund. I Øygarden blei det 4 mål på årets 7 kampar.

Marceli blir skildra som ein rutinert forsvarsspelar. Han har spelt 23 kampar for Vålerenga sitt førstelag og 117 for Egersund før han signerte med Øygarden. Der blei det 7 kampar før kroken kom på døra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.