Sport | 16. sep. 2019

Klubblaus gullkalv besøkte Lysekloster

I vinter gjekk han til europeisk toppklubb, laurdag var Mirza Mujčić publikum hos gamleklubben.

Klubblaus gullkalv besøkte Lysekloster
Mirza Mujčić var publikum då Lysekloster spelte mot Fyllingsdalen på heimebane laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. sep. 2019 11:30

I februar i år gjekk svenske Mirza Mujčić (25) sensasjonelt frå Lysekloster i norsk 3. divisjon til den slovenske storklubben Olimpija Ljubljana.

Svensken fekk kontrakt fram til sommaren, og har spelt 7 kampar på øvste nivå i Slovenia, 4 av dei frå start (7 på benken som ubrukt reserve) ifølgje transfermarkt.com.

– Eg hadde akkurat fått byrja å spela frå start, og det gjekk veldig bra, då trenaren fekk sparken. Ny trenar signerte to nye stopparar, og vi var plutseleg 7-8 midtstopparar, seier Mirza til Midtsiden.

Laurdag var han publikum under den dramatiske kampen mellom Lysekloster og Fyllingsdalen.

– Burde slått til i Sveits

Mirza seier han ikkje er i Lysekloster for å spela, men for å helsa på og for å møta kameraten Denis Ljubovic.

– Då det blei kjent at eg ikkje forlenga kontrakten med Olimpija, fekk eg fleire tilbod. Det mest interessante var frå nest øvste nivå i Sveits.

Samtidig hadde han napp på øvste nivå i Sveits, og bestemte seg for å venta.

– Det går fort, du har gjerne berre 1-2 dagar på deg å svara, elles finn dei nokre andre. Eg burde kanskje ha takka ja, for no er overgangsvindauget stengt, og det ville vore ein god arena å spela på.

I staden er Mirza no klubblaus.

– Agenten min jobbar vidare med fleire klubbar. I mellomtida skal eg heim til Sverige. Der finn eg nok ein klubb å trena med, så eg held meg i form mens eg ventar på avklaring for neste sesong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.