KM-finale avgjort på straffekonk
Os gutar 14 tok leiinga i KM-finalen, men så gjekk kampen til ekstraomgangar og straffespark.
Dei vann serien i 1. divisjon etter 3-0 i siste runde og i dag sto finale mot Sotra for tur.
– Sotra har eit veldig godt lag, kanskje topp tre i Noreg. Vi har spelt mot dei i cup og treningskamp tidlegare i år og tapt med fleire mål, fortel trenar Jonn Norvald Kuven.
Os starta likevel finalen best.
– Vi opna knallhardt og tok leiinga. Dei første 15-20 minutta fekk Sotra kjørt seg.
Men Sotra utlikna før pause og 1-1 sto seg gjennom andre omgang og to korte ekstraomgangar. Dermed gjekk det, trass i at gutane berre er 14 år, til straffesparkkonkurranse.
– Vi missa på første og skaut den tredje i tverrliggar. Sotra skåra på alle sine, så vi måtte nøya oss med sølvet, fortel Kuven.
– Gutane kan likevel sjå tilbake på ein fantastisk sesong.