Lokal | 02. mars 2019

Knekte lyktestolpe og hamna i ein bekk

Trafikken sto stille i ein time etter utforkøyring på Rød laurdag ettermiddag.

Knekte lyktestolpe og hamna i ein bekk
Bilen knekte ein stolpe på veg ned i bekken på Rød. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 02. mars 2019 17:23

Bildeserie:

Kø på Hegglandsdalsvegen etter ulykka. (Foto: KVB)
Kø på Hegglandsdalsvegen etter ulykka. (Foto: KVB)
Bilen hadde hamna godt utfor vegen. (Foto: KVB)
Bilen hadde hamna godt utfor vegen. (Foto: KVB)
Ein lyktestolpe blei knekt i utforkøyringa. (Foto: KVB)
Ein lyktestolpe blei knekt i utforkøyringa. (Foto: KVB)
Sivile hadde kappa den opp og køyrd vidare. (Foto: KVB)
Sivile hadde kappa den opp og køyrd vidare. (Foto: KVB)
Kvinna som køyrde kom uskadd frå uhellet. (Foto: KVB)
Kvinna som køyrde kom uskadd frå uhellet. (Foto: KVB)
Vegen var stengt frå før 15.40 til 16.40. (Foto: KVB)
Vegen var stengt frå før 15.40 til 16.40. (Foto: KVB)
Bergingsbil og brannvesen fekk bilen opp av bekken. (Leserbilde, tips@midtsiden.no)
Bergingsbil og brannvesen fekk bilen opp av bekken. (Leserbilde, tips@midtsiden.no)
1 av 7

Klokka 15.41 laurdag meldte politiet og vegtrafikksentralen, via Twitter, om stengt fylkesveg 137, Hegglandsdalsvegen.

Ein bil hadde køyrd utfor, knekt ein stolpe og hamna i ein bekk.

– Bilførar, ei kvinne på rundt 30 år, kom uskadd frå uhellet, opplyser politiet på staden.

• Midtsiden oppdaterte frå staden - følg oss på Facebook

Bilen hadde piggdekk og det er ikkje mistanke om promillekøyring.

– Det er sludd og glatt på staden, vi ser på dette som eit uhell.

Forbipasserande kappa opp lyktestolpe

Det var stopp i trafikken og kø i begge retningar etter ulykka.

Vegen opna igjen rundt klokka 16.40.

– Vi har ikkje mistanke om forureining, seier brannsjef Stein Gjøsund, tre dagar etter at ein bil hamna i ein bekk på Lysekloster.

– Bergingsbil er på staden, no ventar vi på BKK. Det skal ha vore nokre sivilie som kappa lyktestolpen opp før dei køyrde vidare. Det er noko spesielt, synest brannsjefen.

Ifølgje BKK Nett er det ikkje straumbrot i området etter uhellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.