Næringsliv | 25. mars 2011

Kolaas legg ned

Torsdag 31. mars blir siste opningsdag for den 57 år gamle butikken Kolaas Foto.

Kolaas legg ned
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mars 2011 22:34

Neste veke blir siste veke for gullsmed og urmakar Fargethun. Men dei er ikkje den einaste tradisjonsrike butikken i Os sentrum som har torsdag 31. mars som siste opningsdag, også Kolaas Foto legg ned.

- Det er noko eg har tenkt på lenge, og i år fyller eg 60 år, så då tenkte eg at det kunne vera ein passeleg alder å pensjonera seg, seier Kjell Kolaas.

Har arva fotointeressa - men ikkje butikken

Kjell seier han ikkje ville lagt ned om han hade nokon som ville overtatt. Den eine dottera har tatt fotoutdanning i Roma, og begge døtrene har funne seg fotointeresserte menn, både Geir Husa og Matthew Nash har jobba hos Kolaas.

- Men dei har alle eigne prosjekt og ingen av dei vil driva Kolaas vidare, så då blir det avvikling.

Ei anna årsak til at Kjell vel å stenga akkurat no er at vidare drift ville kravd investering i veldig kostbart utstyr.

- Maskina vi har no er 7 år gamal. Skal eg kjøpa ny så kostar det mykje, i tillegg følgjer det femårdsavtalar med service med slike kjøp.

Store endringar

Kolaas har vore gjennom mange spennande periodar, der teknologiske nyvinningar har ført til store forandringar innan kven og korleis folk tar bilde, noko som igjen har ført til endringar i butikken.

- Den største revolusjonen var nok då instamatic kom på 60-talet, då kunne plutseleg alle fotografera, ikkje berre dei med utdanning elle ihuga interesse.

Frå mørkrom til minilab, framkalling var lenge det klart viktigaste produktet Kolaas og resten av bransjen hade å by på. Så kom digital fotografering. Folk fekk sett bilda etter at dei hadde knipsa, utan å framkalla dei. Og dei fleste lagrar bilda sine på pc-en og ventar med å framkalla dei.

- Samstundes var det mange som ville ha nytt utstyr, så dei beste åra våre var frå midten av 90-talet og heilt fram til 2006-2007.

Passfoto var også ei kjekk varegruppe i mange år, men etter at politiet byrja å ta passbilda sjølv forsvann også denne tenesten ut av menyen.

Vil leiga ut

Kjell har jobba i fotobransjen i 40 år, 35 av dei i butikken faren Karsten etablerte i 1954.

- Han starta i kjellaren til Henny Tvedt, i einebustaden som ligg berre nokre meter opp gata her. Så var det flytting til det som blei Tanngarden før eg i 1987 kjøpte bygningen der butikken ligg i dag.

Kolaas, som bur i etasjen over butikken, kjem til å bli buande i Landboden. Lokalet håper han på å få ny leigetakar til.

- Eg er framleis ein patriot når det gjeld handel i Os sentrum, så eg håper det kjem inn fleire nye krefter når vi no er fleire som legg inn årene.

- Kva skal du sjølv bruka tida på framover?

- No blir det meir tid til båtliv og meir tid til motorsykkelturar, seier Kjell Kolaas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.