Fotball | 17. nov. 2021

Kolskogen frå start då Noreg slo Aserbajdsjan

U21 har no vunne 5 av 6 kampar i EM-kvalifiseringa.

Kolskogen frå start då Noreg slo Aserbajdsjan
Laget som starta i går. Kolskogen bak, nummer to frå venstre. (Foto: NFF/Sigbjørn Korneliussen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. nov. 2021 08:45

Nokre timar før herrelandslaget i går vinka farvel til VM-billett borte mot Nederland, hadde U21-landslaget sikra nye tre poeng i EM-kvalifiseringa.

Noreg gjekk i føringa i 4. minutt og auka til 0-2 i 53. minutt. Aserbajdsjan var litt heldige og reduserte til 1-2 i 80. minutt.

– Vi er veldig påskrudde frå start, og får ei flott opning på kampen. Samla sett var det ikkje ein god kamp, og det kunne gått gale etter dette flaksemålet til heimelaget ti minutt før slutt. Men eg er nøgd med nye tre poeng, seier landslagstrener Leif Gunnar Smerud til fotball.no etter kampen.

Brann-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen frå Os fyller 21 neste år. Han spelte frå start og heile kampen.

Kampen blei spelt i Aserbajdsjan, som ligg aust for Armenia og Tyrkia, og grensar til Iran i sør.

– Hausten samla sett har spelarar og støtteapparat blitt ein veldig bra gjeng. Dette er eit lag eg liker, og eg synest det har blitt jobba veldig godt under krevjande forhold under pandemien, seier Smerud.

Det var eit heilt nytt U21-lag han sette saman før EM-kvalifiseringa starta i september.

Noreg har no vunne 5 av 6 kampar, og var svært nær utlikning i sluttsekunda borte mot Kroatia.

Noreg sine resultat til no:
16.11: Aserbajdsjan - Norge 1-2 (Kolskogen frå start og heile kampen)
12.11: Norge - Finland 3-1 (Kolskogen ubrukt reserve)
12.10: Norge - Estland 3-0 (Kolskogen frå start og heile kampen)
08.10: Kroatia - Norge 3-2 (Kolskogen ubrukt reserve)
07.09: Estland - Norge 0-5 (Kolskogen inn frå 63.)
03.09: Norge - Østerrike 3-1 (Kolskogen inn frå 90. minutt. Debut)

Noreg sin neste kamp i EM-kvalifiseringa går mot Østerrike i mars.

Kampane i 2022:
29. mars: Østerrike - Norge
3. juni: Norge - Kroatia
10. juni: Finland - Norge

Gruppevinnar og tabelltoar er direkte kvalifisert, dei andre går til playoff i kamp om dei siste fire plassane.

EM blir spelt i Georgia og Romania i 2023.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.