Fotball | 06. nov. 2021

Kolskogen i troppen til to landskampar i november

Han spelte heile kampen då Noreg slo Estland.

Kolskogen i troppen til to landskampar i november
(Arkivfoto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. nov. 2021 11:59

U21-landslagssjef Leif Gunnar Smerud presenterte tysdag troppen til dei komande EM-kvalifiseringskampane i november.

Brann-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen (20) frå Os, som spelte heile kampen mot Estland i oktober, er framleis med i troppen.

– Troppen er ganske lik som sist. Det var mykje bra då, og dette er ein veldig spennande gjeng, så det er ikkje grunn til å gjera så store endringar, seier Smerud til fotball.no.

Lang reise til bortekamp

U21-laget tapte i oktober 3-2 borte for Kroatia. Der fekk Kolskogen ingen speletid.

No skal dei møta Finland og Aserbajdsjan:
12.11. Norge - Finland kl 18:00, Marienlyst Stadion
16.11. Aserbajdsjan - Norge kl 17:00, Bakcell Arena

– I kvaliken så er alt ope. Vi har fått ein veldig fin start, dette er nok det beste utgangspunktet vi har hatt. Det blir ein nøkkelkamp no mot Finland, og så skal vi til Aserbajdsjan.

U21-EM blir arrangert i Romania og Georgia i juni og juli 2023.

U21-troppen
Kristoffer Klaesson - Leeds
Mads Christiansen - Lillestrøm
Oliver Petersen - Molde
Sebastian Sebulonsen - Viking
Henrik Heggheim - Brøndby
Ole Martin Kolskogen - Brann
Jesper Daland - Cercle Brugge
Robin Dahl Østrøm - Odense
Fredrik Oppegård - PSV Eindhoven
Halldor Stenevik - Strømsgodset
Sivert Mannsverk - Molde
Johan Hove - Strømsgodset
Kristoffer Askildsen - Sampdoria
Håkon Evjen - AZ Alkmaar
Osame Sahraoui - Vålerenga
Martin Njøten Palumbo - Juventus
Tobias Christensen - Vålerenga
Jørgen Strand Larsen - Groningen
Noah Holm - Rosenborg
Emil Konradsen Ceide - Rosenborg
Erik Botheim - Bodø/Glimt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.