Sport | 01. feb. 2017

Kom deg ut - og inn

Søndag er den store Kom deg ut-dagen. I Os går turen til «inn på tunet»-garden på Øvreeide.

Kom deg ut - og inn
Øvreeide Gard, som har status som inn på tunet-gard, er vertsskap for Kom deg ut-dagen i Os. (Skjermskot frå video, foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. feb. 2017 11:31

Søndag 5. februar er det Kom deg ut-dagen, Noregs største nasjonale turdag. I Hordaland er det 15 gratisarrangeent denne dagen.

Målet med dagen, som blir arrangert for 22. gong, er å gje flest mogleg ein smakebete på kva ein kan finna på ute i naturen, i lag med mange andre. På slike dagar er det også høgt fokus på bålkos og kakao.

I Bergen går turen til Fløysletten, med slakkline, bogekyting og frisbeegolf, i Os held turlaget eit arrangement på inn på tunet-garden på Øvreeide.

• Sjå videoreportasje: Tok «traktorsertifikat» på Øvreeide

– Det blir aktivitetar, leik og moro for store og små. Ta med grillmat, då vi fyrer opp grillane og bålpanne, seier Jorunn Nytræ frå Os Turlag.

– Det er høve til å kjøpa kaffi og vaflar i kiosken, men ta med kontantar om du vil handla på garden.

• Les òg: Populær Huey i Dalen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.