Samferdsle | 24. jan. 2025

Kontroll: Reagerte på lengda

Nokre ekstra centimeter enda i bruksforbod.

Kontroll: Reagerte på lengda
Denne var akkurat litt for lang. Foto: Statens vegvesen
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokafredag 24. jan. 2025 09:34

Statens vegvesen kontrollerte tunge køyretøy og varebilar ved Svegatjørn kontrollplass på ettermiddag og kveld i går, torsdag 23. januar.

Eitt lett køyretøy og 48 tunge køyretøy blei kontrollert.

Tre av sjåførane blei kontrollert for køyre- og kviletid, der det blei gitt to advarslar for mindre brot på reglementet.

To køyretøy fekk teknisk mangel grunna feil med lys.

For lang

Lengde viste seg også å vera noko kontrollørane måtte reagera på i går.

Ein lastebil hadde latt det gå for lang tid sidan sist kontroll.

Med lasebilkran på køyretøyet er det pålagt med årleg sjekk, som ikkje var gjennomført.

– Her vil det bli sendt rapport til arbeidstilsynet om forholdet, seier John Kåre Larsen i Statens vegvesen.

Eitt anna køyretøy var over lovleg lengde og fekk bruksforbod.

Kva lengder er lov?

– Her måtte transporten bli korta inn før vidare køyring, seier Larsen.

– Kor mykje over lovleg lengde var køyretøyet?

– Vi snakker om 10-20 centimeter, som kan verke lite, men det er ikkje lov, svarar Larsen.

Han fortel videre at dei aktuelle vogntoga allereie er på maksimal tillaten lengde, og at dei må forholda seg til det.

– Det var påmontert kufangar som ikkje var tatt høgd for.

Lastebil og slepevogn (hengar) kan vera inntil 19,5 meter, og trekkbil og semitrailer kan vere inntil 17,5 meter.

Tømmervogntog og modulvogntog er dei lengste doningane på norske vegar, med tillatt lengd på inntil 24 og 25,25 meter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.