Meining | 06. feb. 2022

Korleis leggja ned ein barnehage

Her er eit kurs i korleis du effektivt legg ned ein barnehage utan å risikere å møte motstand.

Korleis leggja ned ein barnehage
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. feb. 2022 08:05

Steg 1. Hald prosessen hemmeleg. La ingen få vite kva som skal skje. Demokratiske prinsipp er brysomme.

Steg 2. Send ei inkalling til det som ser ut til å vere eit heilt ordinært møte med samarbeidsutvalet (SU). På sakslista kamuflerer du sjølve hovedsaken som noko mindre viktig.

For eksempel slik:

Dato: Torsdag 03.02.22
Tid: kl. 19.00-20.30
Sted: 1 etg. i Skeismyra 14.

Saksliste:

1. Saker fra DL
- Grønt nivå pr i dag
- Garderobeløsningen på Nore Neset
- Dato og klokkeslett for foreldremøte
- Strøno fremover

2. Saker fra foreldrerepresentantene
3. Saker fra personalrepresentantene
4. Eventuelt

På denne måten vil beskjeden komme som eit overraskande bakholdsangrep, og ingen irriterande kverulantar får tid til å førebu seg. Denne hersketeknikken har vært pensum på eit tidlegare kurs.

Steg 4.

Møtet er i gang. Etter at du har snakka litt om ting som angår den store avdelinga går du over til punkt 1.4 på sakslista. Det er ganske praktisk at det berre er éin person på SU-møtet som vil ha interesse for denne saken. Dei andre foreldra som er tilknytt den store avdelinga vil ikkje ha så sterke meiningar om dette.

Denne eine SU-leiaren ser ut til å miste munn og mæle. Det er praktisk. Så kan representanten frå kommunen rekke ei ferje, og medeigaren som deltar over ei dårleg linje på Teams kan puste letta ut og logge av.

Dette gjekk jo kjempebra. Ungane har jo trass alt fått garanti om plass i den store barnehagen. Slik kan ein også fylle opp ledige plassar, klapp på skulderen frå eigarane.

Men for all del, hvis nokon heller vil sende barna til ein annan barnehage (det er jo trass alt overkapasitet på barnehageplassar i kommunen), så må dei berre hugse å søke før 1.mars.

Det burde vere plenty med tid til å omstrukturere kvardagen for ein småbarnsfamilie som gjerne har ungar både i barnehagen og på skulen som ligg i same bygget.

-------------------

Dette var eit kurs i korleis du effektivt avviklar eit foretak som har stor betydning for eit lite samfunn i vekst. Opne, demokratiske prosessar stikk kjepper i hjula for slike raske beslutningar.

Etter denne erfaringa har vi ikkje lenger tillit til dagleg leiar og eigarane av Skorvane FUS.

Dei har heller ikkje gitt nedlegginga eit lengre perspektiv, slik at vi ute på Strøno kan få tid til å finne andre løysingar for barnehagedrift på sikt.

Tonje Hernes, SU-representant
Jan Sverre Nesbø, foresatt
Malin Frotveit, foresatt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.