Politi | 05. des. 2023

«Køyrde feil i sola» - mista lappen

Bilen kom seg til slutt til Halhjem. Der møtte han politiet.

«Køyrde feil i sola» - mista lappen
Bilførar til venstre kom mot køyreretninga, men snudde og kom seg etterkvart til Halhjem. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 05. des. 2023 09:12

Det har ikkje vore mange uhell på ny E39 Svegatjørn-Rådal, men folk som køyrer feil veg er det ikkje gått tomt for.

Måndag i 12.45-tida blei eit køyretøy observert i motsett retning i Skogafjellstunnelen.

Då bilen kom ut på Svegatjørn prøvde han å svinga av mot Ulvenvegen. Framleis mot køyreretninga, naturlegvis.

Bilen til høgre kom frå Skogafjellstunnelen, mot køyreretninga, og prøvde å koma seg opp rampen frå Ulvenvegen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Bilen til høgre kom frå Skogafjellstunnelen, mot køyreretninga, og prøvde å koma seg opp rampen frå Ulvenvegen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

– Han sa han skulle til Halhjem, men hadde køyrd feil i sola, fortel ein av dei bilisten møtte på rampen mellom Ulvenvegen og E39.

Så snudde han, og køyrde ttuleg til Endelausmarka for å snu, for han kom seg til Halhjem ferjekai til slutt.

– VTS opna tunellen igjen, og vi rykte ut til Halhjem, der vi møtte vedkomande, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilførar, ein mann i 80-åra, samtykka til førarkortbeslag. Han blei òg tatt med til legevakt for blodprøvetaking, utan at politiet nemner mistanke om promillekøyring.

Fekk 9100 kroner i forelegg

Måndag i 10.30-tida hadde politiet fartskontroll i 70-sona retning sør på E39 Halhjemsvegen.

– Det blei skrive fire forelegg for høg fart.

Høgaste målte fart var 92 km/t, noko som fører til eit forelegg på 9100 kroner og tre prikkar på førarkortet.

I 13-tida hadde politiet åtferdskontroll der dei sjekka bruk av bilbetlet og mobiltelefon.

Éin bilist blei tatt for bruk av handhalden mobil under køyring. Vedkomande får 9700 kroner i forelegg.

Skadd hjort avliva ved Byvegen

Klokka 12.35 i går fekk politiet melding om ein skadd hjort i nærleiken av Rema 1000 Kuven stasjon.

Viltkontakt blei varsla og hjorten blei avliva.

– Det blei avfyrt to skot, opplyser politiet.

Hjort ved Byvegen, nærmare Prestegardsskogen, tidlegare i november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hjort ved Byvegen, nærmare Prestegardsskogen, tidlegare i november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

For nokre år sidan var det fleire hjortepåkøyrslar i området mellom Rema 1000, Gymnasvegen og Idrettsvegen.

Det har òg vore fleire observasjonar, men færre påkøyrslar, den siste tida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.