Lokal | 23. jan. 2016

Køyrde på ein stein

Ein bil har havarert på Ole Bulls veg etter at ein stein raste ut i Søvikåsen.

Køyrde på ein stein
Her blei bilen ståande etter at den køyrde på ein stein som har rast ut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. jan. 2016 17:32

Ein Midtsiden-tipsar fortel at det har vore ei bilulykke på Ole Bulls veg over Søvikåsen.

– Eg skulle til å køyra opp Søvikåsen då eg møtte ein bil som sa at det kunne bli vanskeleg grunna ei ulykke, fortel tipsar klokka 18.18.

Midtsiden har vore på staden og trafikken på Ole Bulls veg går fint.

Men på ei av møtelommene på vegen står ein havarert bil.

– Eg køyrde på ein stein som tydelegvis har rast ut. Botnpanna på bilen knuste, så no ventar eg på tauing, fortel førar.

Ulykka skjedde i same område som det i 2014 blei utført omfattande rassikringsarbeid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.