Politi | 08. sep. 2023

Køyrde seg fast i ulovleg garn

Oppdraget blei overtatt av Fiskeridirektoratet.

Båten køyrde seg fast i eit garn som gjekk 300 meter ut frå Rogamælsholmen, sør for Ytterøya. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. sep. 2023 07:52

Torsdag litt over klokka 14 fekk politiet melding om ein fritidsbåt som hadde køyrd seg fast i eit garn utanfor Rogamælsholmen.

– Garnet skal ha vore dårleg merkt, og det er mistanke om at det sto ulovleg. Fiskeridirektoratet blei varsla, og dei har overtatt oppdraget, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det er uvisst om garnet er sett ut i samband med rømt regnbogeaure frå oppdrett i Austevoll førre veke.

Ifølgje kyst.no er fleire fiskarar engasjerte for å fiska auren opp igjen, men det kan tenkast at også privatpersonar ønskjer å fiska etter denne, med garn i overflata, noko som krev både løyve og merking. Det skal òg vera tatt oppdrettsaure i Oselvo etter rømminga.

Garn med maskevidde større enn 32 millimeter skal frå og med 1. mars til og med 30. september senkast, slik at fangstdelen står 3 meter under havoverflata, skriv Fiskeridirektoratet i lista over reglar for fritidsfiske med garn.

Politiet hadde òg noko å henga fingrane i på land.

Klokka 11.30 var det ein bil som havarerte på E39 nær Mobergsbrua over Ulvenvatnet. E39 var stengt ein periode mens det pågjekk berging i 80-sona.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.