Politi | 23. mars 2023

Køyrde utan førarkort - hamna i grøfta

Utforkøyring i Hegglandsdalen, tjuveri av elspark og nok ein fartskontroll på Halhjemsvegen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. mars 2023 08:29

Litt før klokka 05 natt til torsdag fekk politiet melding om utforkøyring i Hegglandsdalen.

– Det var ingen skade på verken køyretøy eller involverte.

– Men bilførar, ein 18 år gamal gut, er meldt for køyring utan førarkort, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Tjuveri av elspark

Politiet fekk i går også melding om tjuveri av elsparkesykkel.

– Den sto ved Os ungdomsskule då den blei tatt. Tjuveriet blei oppdaga litt før klokka 15.40.

Sparkesykkelen er svart og av merket «Ninebote». Politiet er interessert i tips.

Nok ein kontroll på Halhjemsvegen

Etter å ha tatt 16 syndarar på to timar tysdag var UP tilbake i 70-sona på E39 Halhjemsvegen onsdag.

Denne gong blei det 10 forenkla forelegg.

Høgaste fart blei målt til 88 km/t, noko som resulterer i 6.700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.