Lokal | 18. sep. 2021

Kraftig nordlys over Os i natt

Spegla seg i Ulvenvatnet rundt midnatt.

Kraftig nordlys over Os i natt
Utsikt frå Moberg over Ulvenvatnet mot Kuven i 00.40-tida natt til laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. sep. 2021 07:47

Litt over midnatt natt til laurdag fekk vi tips om godt synleg nordlys over Os, og eit nordlys-varsel som sto på 5.

Det blafra godt på himmel mens underteikna parkerte ved Ulvenvatnet, men så dempa det seg.

Vi fekk likevel fanga litt av det mystiske, grøne lyset på kamera.

Frå Moberg retning Ulven. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Frå Moberg retning Ulven. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Også i mars og april var det kveldar med godt synleg nordlys over Vestlandet.

Om også laurdag kveld og natt til søndag blir ein god kveld for å sjå nordlys, er uvisst.

Du kan følgja med på for eksempel TV Storm sitt nordlysvarsel.

Nedbør frå måndag og ut veka

Storm melder overskya i heile dag, men skiftande skydenne frå klokka 19 og utover.

Det er meldt overskya og opphaldsvêr til måndag kveld.

Både Yr og Storm melder nedbør måndag kveld og kvar dag ut neste veke.

  • Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.