8 av dei 13 elevane som har vore involverte i bygginga, her saman med lærar Jostein Ulland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kranselag for gapahuk ved Langavatnet

Os Turlag kom med pizza til elevane frå Os vgs.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Elevar frå VG1 bygg- og anleggsteknikk ved Os vidaregåande skule er nesten ferdig med ein ny gapahuk ved Langavatnet i Lysefjorden.

– Elevane har i hovudsak fått praktisk erfaring med tømrarfaget, men dei har òg tatt litt kalkulering på førehand. Vi har dessutan prefabrikkert mykje, så vi slapp å ha aggregat med oss ut her, seier lærar Jostein Ulland.

– To skuledagar i veka er sett av til produksjon. Vi starta tidleg i mai, og med alle fridagane i mai var vi spente på om vi kom i mål før ferien. No er vi så og seia ferdige, og Fløysand kjem for å legga tak. Eit søsterfirma var involvert frå start då vi har brukt jordskruer i staden for å grava på tomta.

Elevane synest arbeidet med gapahuken har vore inspirerande.

– Vi bygger ting på skulen òg, som skal brukast, men ikkje større ting som denne. Det er kjekkast å vera ute i felten, seier dei mellom pizzajafsa på kranselaget.

I alt 13 elevar har vore involverte i byggeprosessen.

For turlaget - open for alle

Den skulle i utgangspunktet byggast på teikningane til gapahuken ved Knutabruo, men då denne måtte plasserast 30 meter frå vatnet blei det ein noko komprimert versjon.

Gapahuken blir bygd på oppdrag for Os Turlag, som både skaffa løyve og fekk midlar i løpet av 2018

– Turboklubben vår er initiativtakar. Dei er ei aktiv avdeling i Lysefjorden som er veldig glad i Langavatnet, men gapahuken kan naturlegvis brukast av alle som er på tur, seier Arvid Øvreeide frå Os Turlag.

Han stilte saman med turlagkollegaene Jorunn og Kåre Nytræ med pizza, brus og kvar sin turkopp til tømrarelevane.

– Vi disponerer òg parkeringsplassen ved Drangsvegen, som skal opparbeidast litt, og vi vil legga kloppar for tørrare tilkomst langs vatnet. Gapahuken ligg fint til, nær både bilveg og turvegen til Hovland og Askvik, som ligg cirka ein time marsj unna, seier Jorunn.

– Her er det dessutan duka for heilårsbruk, med bading og padling sommarhalvåret og skøyter om vinteren blir kald nok, supplerer Kåre.

Fleire saker