Korona | 11. des. 2021

Kritisk for fleire tenester

Klarer ikkje å halda vanleg drift oppe.

Kritisk for fleire tenester
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. des. 2021 10:08

Ordførar TrineLindborg (Ap) fortel laurdag formiddag at det no er kritisk for fleire av helse- og velferdstenestene i kommunen.

– Vi må no prioritera lovpålagde oppgåver og justera aktivitetsnivået på fleire tilbod i denne fasen, seier ordførar.

Tenestemottakarar og pårørande som blir berørte av redusert tilbod i denne fasen, vil få direkte beskjed frå den aktuelle tenesta.

På spørsmål om kva tenester som no ikkje blir berørt, og kva einingar som er hardt ramma, vil ho ikkje ut med eksempel.

– Situasjonen endrar seg frå dag til dag. Men når mange heimar no er berørte av sjukdom og karantene, er det også mange av våre tilsette, i ulike einingar, som er heime frå jobb.

Prioriterer lovpålagte oppgåver

Høgt sjukefråvær og ekstraoppgåver i samband med pandemihandteringa, gjer at Bjørnafjorden kommune no, til liks med svært mange andre kommunar i landet, må justera tilbodet og aktivitetsnivået i fleire av tenestene og tilboda på helse- og velferdsområdet.

– Vi er dessverre komne dit no. Våre tilsette gjer ein heilt formidabel jobb og har strekt seg så langt dei maktar i snart to år. No er bemanningssituasjonen slik at det ikkje er mogleg å halda vanleg drift oppe på alle frontar, og vi må prioritere lovpålagte oppgåver.

Samstundes er det viktig at vi alle er klar over den enorme belastninga dei tilsette i helse- og velferdstenestene våre står i, og har forståing for at bemanningssituasjonen og pandemihandteringa får konsekvensar for kva det faktisk er mogleg å få til nett no.

– Vi meiner ikkje å skapa uro og utryggleik når vi går ut med denne informasjonen, men det er rett og slett ei realitetsorientering og forventningsavklaring på kva som er mogleg å få til i desse krevjande tidene - også i vår kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.