Kulturbygda Bjørnafjorden – eller...
Forfattar Bente Bratlund undrar seg over at det nettopp er kulturkontoret som står bak avgjerda om at aktive kunstnarar må forlata stasjonsbygningen på Osøyro, etter over 20 år med levande kulturaktivitet.


Eg blei nokså overgitt då eg såg at tre aktive kunstnarar må ut av stasjonsbygningen om tre månader. Og at det er kulturkontoret som står bak, det er neste utruleg.
Her jobbar dei i bygd og by for å heva kunsten og kulturen, og mange stader ville gitt mykje for å ha eit levande kulturtilbod midt i sentrum, slik stasjonsbygningen på Osøyro er blitt.
Her er det liv og aktivitet, ikkje minst i Bente Haugland sin del av bygget. I over 20 år har ho ho drive si kunstnariske verksemd her, skapt kunstverk, tatt imot folk for berre å stikka innom og sjå, eller for å kjøpa.

Turistar har funne frem og snakka varmt om ein slik plass så sentrumsnært. Her har vore ulike kveldar med konsertar og andre kulturprogram. Det er eit levande miljø.
Og dette vil kultursjefen ha bort. Det er ikkje til å tru.
Visst er det mange som treng lokale, og gode aktivitetar også, men å kasta ut det unike av kunstverksemd vi har i sentrum, så lett tilgjengeleg og så levande, det er utruleg.
Blir kunsten så lågt prioritert i kommunen, og av kultursjefen, som skulle vera den som løfta kunst og kulturlivet?
Det må då gå an å tenkja om her.
Det unike miljøet der i stasjonsbygningen som er der no, er det verkeleg meining i å sparka bein under det?
Eg berre spør, og undrast.
Bente Bratlund






