Meining | 09. sep. 2023

Potensialet i Os hamn

DEBATT: Utvikling av Os hamn er nøkkelen til å gjera Osøyro meir attraktiv.

Potensialet i Os hamn
Os hamn sett frå lufta i 2019. (Foto: Privatmegleren/Herman Brandt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 09. sep. 2023 07:00

Os hamn har framleis eit stort potensiale. Dessverre er ikkje dette tatt ut dei siste åra.

Då Os kommune investerte i nye bølgjebrytarar låg dei ein langsiktig plan bak investeringane. Vi skulle ta ut potensialet i Os hamn, og ta opp konkurransen med populære gjestehamner som Rosendal, Leirvik og Bekkjarvik.

Os hamn har eit stort potensiale med nærleiken til Bergen, og fantastisk utsikt over Bjørnafjorden og Folgefonna. Her ligg det til rette for fleire båtplassar, utleige av båtar, vannscootarar og paddleboard, fiske, oselvar-segling og kajakk.

Vi har absolutt potensiale for å utvikla eit komplett reisemål både for turistar og innbyggjarar i bergensregionen.

Populariteten til bubilcampen på Haugsneset har vist oss kva perle vi eigentleg sit på.

Badstova som no kjem der ute vil forsterka attraktiviteten, og i Mobergsvikjo kan vi legga endå meir til rette med for eksempel nytt stupetårn for ungdommen.

Kommunen sitt etter FrPs syn meg nøkkelen til å ta ut potensialet i Os hamn.

Til dømes har kommunen løyve til om lag 100 båtplassar framfor Os Sjøfront. Her kunne kommunen fått inntekter frå både gjestehamn og faste båtplassar. Og løyvet kan leigast ut til private aktørar, slik at kommunen ikkje treng å bruka eigne investeringsmidlar.

P.t. har ikkje kommunen tatt ut dette potensialet. Her har vi heilt klart eit inntektspotensiale i ein trong kommuneøkonomi.

Inntektene frå båtplassane kan til dømes reinvesterast i ny kaifront på utsida av den gamle moloen i Os hamn.

Dette kan igjen gje grunnlag for meir fjordcruise ut frå Osøyro, og rom for større cruiseskip som kan ankra opp ute i fjorden og nytta mindre båtar inn til kai.

Dette gir også inntekter til hamna. På Leirvik i Stord har dei testa dette ut i sommar, og erfaringane er særs positive for kultur- og næringslivet på Leirvik.

På litt lengre horisont kan areala langs heile gjestebryggja utviklast med parkområde, restaurant- og servicenæringar og bustader. Kommunen har over tid vore i dialog om å flytta Esso-stasjonen Lyseparken, noko som vi gi heilt nye utviklingsmoglegheiter for Osøyro.

I Bjørnafjorden FrP har vi tru på at utvikling av Os hamn er nøkkelen til å gjera Osøyro meir attraktiv.

Ny aktivitet vil gje grunnlaget for nye handels- og tenestetilbod i heile sentrum. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for næringslivet, Oselvarverkstaden, Oseana kunst- og kultursenter og eit eventuelt nytt hotell ved Oseana.

I kommande valperiode vi Bjørnafjorden FrP setja fart på dette arbeidet, og målet er at vi i samarbeid med private kan utvikla Os hamn til den mest attraktive gjestehamna i bergensregionen. Og det utan at det treng å kosta mykje for Bjørnafjorden kommune.

Vi vonar du vil støtta oss i denne visjonen, og at du stemmer FrP på måndag.

Vi må ta eit skikkeleg grep for å få fart på utviklinga av Osøyro og kommunen.

Godt val!

Terje Søviknes (FrP)
Ordførarkandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.