Sport | 31. juli 2019

Kunne sleppa jubelen laus igjen

Sånn blir resten av Norway Cup for fjorårsfinalistane Nore Neset/Os J16.

Kunne sleppa jubelen laus igjen
Viste at dei er best: Jubel etter tysdagens siger i siste innleiande kamp. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. juli 2019 00:16

11 lag frå Os kommune deltar i årets Norway Cup.

• Os Fotball stiller med 6 gutelag i alderen 14 til 17 år
• Saman med Nore Neset stiller Os Fotball med 3 jentelag frå 15 til 17 år
• Nore Neset/Lysekloster har dessutan gutelag både i G16 og G15/16 7-ar

4 av laga har tatt seg til A-sluttspel (2 beste av 4 lag i pulja);
Os 1 G14, Os G17, Nore Neset Os J15 og Nore Neset/Os J15/16 7-ar.

Vi kjem tilbake med meir om innleiande rundar, bildeserie frå fleire kampar og om livet i den store basen for fotballfolket frå Osbygda. Spelarane på alle laga, og mange foreldre, bur saman på Thon Oslofjord hotell i Sandvika, nær badeplassen Kadettangen.

Det siste døgnet har delar av idyllen vore broten av at jenter 16, laget som i fjor spelte finale og i år hadde den sterkaste starten på cupen, fekk to sigrar gjort om til tap grunna ein administrativ feil.

Vedtaket står - jentene stiller til B-sluttspel

Nore Neset il og Os TF fotball undrast over godkjenninga av dispensasjonen, som altså viste seg å vera mangelfull, trass i at dei visste om regelendringa, ringte Norway Cup, fekk snakka med leiar for dispensasjonssøknadar og spurde kva som skulle vera med i søknaden.

Dei hadde to overårige spelarar med seg, noko som er lov, men søkte dispensasjon fordi begge skulle spela seniorfotball denne våren. Tilfeldigvis blei éi av de skadd, og fekk ingen seniorkampar i vårsesongen. Den andre står, som alle på dette nivået, med sine kampar oppført på fotball.no. Enkelt å sjekka for juryen frå NFF som godkjente dispensasjonen, med andre ord.

– Eg fekk møta generalsekretæren i Norway Cup, som viste forståing og velvilje, men som ikkje kunne setja juryen si avgjerd til side. Når det kjem til straffeutmåling argumenterte eg med 24-timarsregelen, som A-laget til Os kunne ha hindra nedrykk med, men bomma med éin time for to år sidan. Denne kunne godskrive sigeren vår i første kamp, men her styrer turneringsreglementet over NFF sitt reglement, fortel sportsleg leiar i Os, Jan Frode Skeie.

– Ein av motstandarane våre i pulja, Kongsberg, sendte epost til sekretæriatet der dei uttrykte at dei meiner straffa var for streng og ville at NN/Os likevel skulle bli tildelt sigeren. Dei har ikkje ønske om å spela i A-sluttspelet. Men Fair Play-juryen sa nei.

– Kjem denne saka til å få eit etterspel?

– Vi kjem ikkje til å følgja den vidare, men eg vil ha ein ny samtale med leiinga og fortelja kva eg synest, seier Skeie.

– Og kva er det?

– Eg meiner at alt av dispensasjonar bør undersøkast og avgjerast på førehand, ikkje midt i ei turnering. Alderskontroll, som vi besto, må gjerne gjennomførast for å avdekka eventuelt fusk. Men dokument og eventuelle misforståingar bør ryddast av vegen før cupen er i gang.

Spelarane fekk avgjera sjølv om dei ville spela B-sluttspel eller ikkje. I utgangspunktet tenkte dei at det kunne vera usportsleg å stilla i dette, då dei kom på 2. plass i fjor med 15 frå årets tropp på 17 (begge dei overårige var med i fjor òg).

– Vi bestemte oss for at vi likevel vil spela. Det er puljer med meir enn to gode lag, fleire av dei som har hamna på 3. plass kan nok gi oss motstand, seier kaptein Thale Strønen Skeie.

– Om nokre kampar blir enkle kan det vera god trening i det òg, å halda dispilinen oppe og å produsera mange sjansar heile kampen gjennom.

– Men først og fremst deltar vi fordi vi elskar å spela fotball.

Avslutta puljespelet med stil og styrke

Etter den triste og frustrerande måndagskvelden stilte laget full i kamplyst til siste runde i sluttspelet. Nore Neset/Os var uansett i B-sluttspelet, og motstandar var Strindheim, som òg hadde vunne begge sine første kampar.

Nore Neset/Os vann 2-0.

– Jentene har levert som eg hadde håpa. Første kamp var ok spelemessig, andre kamp var bra. I begge skapte vi mykje, 16-0 i målforskjell var vi naturlegvis nøgde med, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.

– At jentene klarte å stilla klare mentalt, utan dei førebuingane vi hadde planlagt, imponerer meg. Dei mangla kvile, energi og søvn etter den tunge beskjeden kvelden i forvegen, men stilte til toppkamp i pulja for å visa at dei kunne slå ein av dei andre favorittane sjølv om dei var på veg i B-sluttspelet. Og det klarte dei. Strindheim er gode, men skapte nesten ingenting på oss. Vi hadde god kontroll og vann fortent.

Den aktuelle spelaren som dei ikkje lenger kan bruka, speler no med gutar 17. Dei slo i dag eit tysk lag 4-1.

– Eg var redd for at jentelaget skulle bli diskvalifisert. Sjølv om eg veit at situasjonen ikkje er min feil, ville det vore trist å veta at utan meg så hadde dei ikkje vore ute. Det er fortsatt trist at dei ikkje lenger er med og kjempar om førsteplassi A-finalen, men fint at dei fortsatt er med i cupen, seier ho.

Nore Neset/Os J16 møter Haugar i B-sluttspelet. Haugar står med 1 poeng og 3-16 i målforskjell etter sine tre første, innleiande kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.